Os sogns almuebogsamling

Os sogns almuebogsamling vart skipa i 1828, etter initiativ frå presten i Os, Andreas Undal Jersin. For 35 dalar og 90 "skjeling" som skulemeistrane samla inn, vart det kjøpt inn 48 bøker. Dei fleste gardbrukarane ga ei ort, nokre av dei "beste" bøndene ga to-tre ort kvar, og presten, klokkaren og "proprietair" Nils Leganger på Molda ga ein heil dalar kvar.

Kort historikk

2323Som lagsmenn og låntakarar meldte det seg 44 mann. Storparten av dei var gardbrukarar, men det var også nokre husmenn og «lauskarar» med. Den første bokstamma inneheldt halvparten religiøse bøker, resten jordbruksbøker, nokre få forteljingsbøker og dei norske kongesagaene. Utvalet var nok representativt for dei fleste folkeboksamlingane rundt om i landet på den tida. Det vart laga ein formålsparagraf for drifta av boksamlinga:

«At indkjøbe og udlåne saadanne bøger, som kan tjene almuen enten til oppbyggelse eller udvidet kundskab i bondestandens næringsvei eller almindelig for ham passende oplysning, eller behagelig eller lærerig underholdning, alt efter biskopens og sogneprestens samtykke og veiledning».

Nils Leganger på Molda vart den første styraren av boksamlinga, og han heldt også husrom for bøkene.

Etter 25 år, i 1853, overtok kommunen boksamlinga, og ein rekna då at samlinga var tryggja levekår for framtida. Boksamlinga heldt i mange år til i prestegarden, men etter å ha vore på flyttefot fleire gonger, fekk ein i år 1900 rom i kommunehuset (no «Det gamle kommunehuset»). Løyvinga til boksamlinga veksla, og utlånet gjekk opp og ned ettersom det vart kjøpt inn nye bøker eller ikkje. I 1931 hadde boksamlinga i alt 1.982 bøker til utlån. Utlånsreglene fastsette at kvar låntakar måtte betala 50 øre i årspengar, og det var lov til å låna 3 bøker om gongen. Berre to av dei kunne vera romanar …

Skuleboksamlinga i spiskammerset og folkeboksamlinga i telefonkiosken

På 1940-talet går det fram av ein inspeksjonsrapport at boksamlingane ikkje var så høgt prioriterte i Os: «Bøkene er i dårleg stand, og det er liten aktivitet. Skuleboksamlinga er plassert i spiskammerset på skulen». I eit brev til bibliotekinspektøren vedkomande planar om nye biblioteklokale i Os, kan vi lesa:

«… det byggjest no ny telefonkiosk på Os, og me vonar å få overta den gamle til folkeboksamling»!

Det høyrest ikkje ut som om det vart stilt særleg store krav, sjølv om det her var snakk om telefonsentralen, og ikkje ein vanleg telefonkiosk.

226-002Til liks med andre boksamlingar, freista Os folkeboksamling eit nomadetilvære, stadig på flyttefot frå og til mindre bra husvære. I 1992 flytta biblioteket inn i nyoppussa lokale i den gamle Bahus-fabrikken, og i 2007 til nye og lyse rom i første høgda i same bygg som no er blitt Os næringspark – med nybygt inngangsparti mot kulturhuset Fjellheim.

I 2015 har Os folkebibliotek 4 stillingar fordelt på 6 tilsette, og cirka 30.000 bøker i hyllene.