Biblioteksamarbeid

Biblioteka i heile landet samarbeider om å yta best moglege tenester til alle som bur i landet. Ingen bibliotek har plass til eller økonomi til å eiga alt som publiserast, men det skal vera enkelt å skaffa det meste - dersom ein har tid til å venta litt!

Samarbeid mellom folkebiblioteka i Hordaland

Hordaland fylkesbibliotek arrangerer konferanser og møtearenaer for alle folkebiblioteka i fylket. Her hentar vi fagleg inspirasjon, får idear til samarbeid, og hjelp og støtte til å vidareutvikla tilboda våre. Dei fleste folkebiblioteka har få tilsette, og maktar ikkje å få til alt som høyrer heime på folkebibiotekarenaen på eiga hand. Vi samarbeider mellom anna om forfattarturnear, utstillingar og arrangement av ulike slag. Eitt av dei nye prosjekta som fylkesbiblioteket har forhandla fram på vegner av alle dei små folkebibioteka, er tilgangen til e-bøker gjennom appen eBokBib.

Samarbeid mellom ulike bibliotekslag

Alle folkebiblioteka i landet inngår i eit nettverk, der også universitets- og høgskulebiblioteka deltek. Biblioteka sender bøker og anna materiell mellom seg i ei fjernlånsordning, som organiserast i eit transportsystem alle bidrar til. Dette gjer det mogleg for Os folkebibliotek å halda hyllene i biblioteket oppdaterte med aktuell litteratur, og ikkje oppbevara alt av gamalt som kanskje kan vera av interesse ein gong i framtida.

Ønskjer du å lesa om att ein femtitalsklassikar du hugsar frå barndomen din, finn vi fram til boka i Nasjonalbiblioteket sine hyller, og bestiller ho inn til deg i Os folkebibliotek.

Det same gjeld studielitteratur og fagbøker til vidareutdanning og fagleg oppdatering innanfor eit spesialisert fagfelt. Denne litteraturen kan du låna heim til gjennomsyn, før du bestemmer deg for kva du kan lesa raskt, og kva du må kjøpa til eige bruk over eit heilt semester eller meir.