Osbanen

Då dei byrja å planleggja Vossebanen på 1870-talet, var eitt av trasealternativa å gå frå Nesttun til Os og Hatvik, jernbaneferje til Fusa, vidare til Mundheim og inn langs fjorden til Granvin. Som alle veit valde dei ei anna line, men osingane greidde ikkje heilt å leggja denne tanken frå seg, og arbeidde vidare med planar om jernbane til Os.

Os – Nesttun 1894-1935

0103Initiativrike menn frå Os og Fana, og pengesterke menn frå Bergen (mellom anna Johan A. Mowinchel, som nokre år tidlegare hadde kjøpt Molda) greidde å realisera Osbanen i 1894. Dette korta reisetida til Bergen mykje, og gjorde det mellom anna mogleg for Os-bøndene å levera fersk mjølk til Bergen. Os og Fana fekk ein meir tidhøveleg kommunikasjon med Bergen enn dei andre bygdene kring byen fekk – det gjekk enno kring 25 år før dei fyrste bussrutene kom – og han fekk såleis mykje å seia for næringslivet i bygda.

Osbanen 1Osbanen hadde svært smal sporvidde, berre 75 cm. Av norske jernbanar var det berre Aurskog – Høland-banen som var like smal. Dette gjorde at han kunne krongla seg fram i knappe svingar, han kunne leggjast i terrenget, han hadde få bruer og skjeringar og ingen tunnelar. Men det var ikkje berre svingradiusen som var liten. Alt var smått på Osbanen: Dei minste vognene, dei minste lokomotiva, dei minste stasjonsbygningane og minste farten. 40 km/t var toppfarten på banen. I Os hadde banen desse stasjonane: Os, Kuven, Ulven og Søfteland.

Det var private aksjonærar som hadde gjort banen mogleg, men dei tente aldri pengar på han. Fyrste ti åra var det eit slit å halda det gåande. Så var det ei god tid fram til kring 1920, før konkurransen frå bussane tok til å gjera seg gjeldande. Etter kvart kjøpte banen busselskapet som hadde starta drift mellom Bergen og Os, og gjekk gradvis over frå å vera jernbaneselskap til å verta busselskap. Siste toget gjekk i 1935.

0102Selskapet heldt fram som busselskap. Det bytte namn frå Nesttun – Osbanen til Bilruta Os – Bergen. I 1965 fusjonerte det med Fanabilane og Mildebilane til Fana-Os-Milde, i 1992 med Åsane Billag til Pan Trafikk og til slutt med Bergen Sporveier til Gaia Trafikk. Dei eldste greinene til det største busselskapet på våre kantar er såleis eit jernbaneselskap i Os og eit sporvegsselskap i Bergen.

Du kan lesa meir om Osbanen her.