Marie Østrem og krigsfangane i Os

Os-bygda vart okkupert av tyskarane 9. april 1940 – klokka 15.00 sto tyske soldatar oppstilte på Osøyro. Tyskarane frykta invasjon frå Storbritannia og gjekk raskt i gang med å setja opp skyts rundt om i bygda for å betra forsvaret av Bergens-området. Etter kvart stod det både anti-luftskyts og kystartilleri på fleire stader i Os: på Haugsneset, i Røttingjo, i Mobergsvikjo, på Tøsdal og på Hetleflåten. Arbeidskrafta var sovjetiske krigsfangar.

Fangeleirane i Os

Marie Østrem og nokre av russerfangane i 1945

Marie Østrem og nokre av russarfangane frå fangeleiren på Haugsneset  i 1945

Dei sovjetiske fangane kom til Os i ei «lang, lang kolonne, med subbande gange og slitte klede med gammal lukt i», fortel Gudrun Heggland som den gongen var 12 år. Fangane vart drivne hardt og nådelaust av tyskarane, og Marie Østrem skriv i dagboka si 15. desember 1942:

«Fangene får ofte pryl. Folk kan høre skrikene lang vei når det er på det verste. Noen av tyskerne bruker geværkolben til å slå dem med. Noen dager etterat de to rømlingene ble myrdet, var det en russer som nesten ble slått til døde. To fanger støttet, halvt bar ham mellom seg da de kom fra arbeidsplassen. Blodet dryppet fra nese og munn på ham, og han hadde en kake av størknet blod i håret. Fangene skal ha fridag om søndagen, men ”tigeren” har funnet ut at de kan arbeide da også, dersom han mener at de har forbrutt seg om et eller annet. En annen straff er å stenge dem inne om natten i et lite, glissent skur. De har jo nesten ikke klær, og når de får slippe ut igjen av skuret, er de blå av frost.»

Det tyske nærværet i Os var sterkt, med minst 800 tyskarar i ei bygd på om lag 4000 innbyggjarar. Då det i oktober 1942 kom meir enn 200 sovjetiske krigsfangar, var kring 20% av befolkninga i kommunen utlendingar knytte til tysk forsvars verksemd. Sommaren 1944 vart dei fleste fangane overførte til Fjell, men i januar-februar 1945 kom det nye fangar til Os, denne gongen til Ulven leir, og i april 1945 var talet oppe i 620.

Krigsfangeleiren på Haugsneset

Kildematerialet om tilhøva i fangeleirane i Norge er stort sett tilfeldig og dårleg, men når det gjeld fangeleiren på Haugsneset i Os, har forskarane ei uvurderleg kjelde for innblikk i forholda: «Marie Østrems dagbok» (utgitt på russisk 1959, på norsk 1962). Marie Østrem var hovudpersonen i det arbeidet lokalbefolkninga i Os la ned for å hjelpa dei sovjetiske krigsfangane. Hennar dagbok-nedteikningar er gjort kontinuerleg frå første dag det kom krigsfangar til Os og til frigjeringa i mai 1945, og er såleis ei særleg truverdig kjelde. Då Os vart okkupert, gjorde tyskarane Haugsneset til militært område. Fangebrakka på Haugsneset var om lag 20 meter lang og 12 meter brei og bygd for å husa 60-70 mann. Tenåringen Mikal Tønjum var elektrikar-lærling i faren sin el-forretning og var truleg den einaste osingen som var inne i fangebrakka, då han måtte reparera ein feil med lyset der. Han minnast at det i den eine enden av fangebrakka fanst ei latrine, i den andre eit vaskerom. Mellom dei fanst eit stort rom med senger tett i tett over kvarandre, og midt i rommet sto ein omn.

Annanias Skorpen ved styrta fly 1942

Annanias Skorpen ved halepartiet på eit tysk fly som styrta ved Møsnuken i 1942

Osingane og krigsfangane

Frå første stund forsøkte tyskarane å skilja lokalbefolkninga og krigsfangane mest mogleg, og det var forbunde med døds-straff for nordmenn å ha noko med fangane
å gjera. Marie Østrem skriv i dagboka 4. november 1942:

«Det er kommet opp plakater overalt. Det er forbudt å ha samkvem med krigsfangene, står det, og den som hjelper en fange til å flykte ved å gi ham mat og klær,
må regne med dødsstraff.»

Trass i trugsmåla om dødsstraff, følte storparten av bygdefolket straks stor sympati for krigsfangane og forakt for tyskarane sin brutale oppførsel. Så å seia frå første dag tok osingane til å ”mista” matpakkane sine. Marie skriv vidare:

«Det er ingen som våger å vise sympati med fangene når ”Tigeren” er i nærheten, og ingen tør spørre ham om lov til å gi bort en matpakke. Men folk har begynt
å smugle til dem litt når tyskerne ikke ser det.»

Det var sjølvsagt farleg å gi fangane mat, men somme av tyskarane såg gjennom fingrane med det. Marie Østrem vart også upopulær blant somme tyskarar, og jamvel osingar hadde negative kjensler overfor krigsfangane. Ein tysk vakt som mislikte Marie sitt hjelpearbeid, oppførte seg trugande og skreik til henne: ”Russerne er ikke mennesker!” Enno så seint som 7. mars 1945, då det ikkje lenger kunne vera tvil om at tyskarane ville tapa, opplevde Marie negative reaksjonar på arbeidet sitt.

Marie Østrem – ”Russkaja mama”

Matutdeling på Osøyro

Radioapparata vert leverte tilbake etter at krigen er slutt

Blant osingane var det altså Marie Østrem som kom til å gjera mest for å hjelpa dei sovjetiske krigsfangane. Då leirsjefen ”tigeren” Reddinger vart send til Fjell i april 1943, og offiseren Mayer vart ny kommandant, byrja Marie Østrem for alvor sitt hjelpearbeid. Hausten og vinteren 1942-43 vart ho klar over dei dårlege forholda krigsfangane levde under. Den dypt religiøse Marie kjende ønsket om å hjelpa frå første dag. Dagboka hennar som vart publisert på norsk i 1962, fortel detaljert om arbeidet ho gjorde for fangane. I førstninga opparbeidde Marie eit godt forhold til leirsjef Mayer, som i mai 1943 tillot henne å gi blomar og grønsaksfrø til krigsfangane i Haugsneset-leiren. Kort tid etter fekk fangane lov til å komma heim til Marie for å plukka rabarbra i kjøkkenhagen hennar, og sidan tok Marie litt etter litt til å gje fangane eit variert sortiment av matvarer: brød, kaninkjøt, poteter, mjøl, matpakker, sardinar, kaker, Rica (kaffe-erstatning), sild, suppe, grønsaker, frukt, påskebollar, hermetikk, hakkekjøt, salt, eddik og jamvel medisin.

«Aldri har jeg møtt slik interesse for fangearbeidet som nå. Alle jeg spurte ville være med og skaffe noe godt til jul. Det kom inn mel og smør og sukker og melk, og noen kom med kaker de selv hadde bakt. Vi fikk holde til på bakeriet i Forbruksforeningen, og bakeren var flink til å hjelpe.»

Marie formidla også strømper, kloggar, vottar og klede, og tok seg òg tid til å skaffa teiknepapir og skrivesaker. Ho reiste jamvel til det offentlege biblioteket i Bergen for å låna bøker på russisk til fangane. Marie Østrem fungerte etter kvart som ein halvt ”anerkjent” hjelpeorganisator som kanaliserte den humanitære hjelpa frå osingane til dei sovjetiske krigsfangane.

«Hver dag leverer jeg til fangene alt jeg kan skaffe av mat. Folk er veldig snille og gir det de kan avse, og det er bra, for uten andre folks hjelp kunne jeg ikke ha skaffet stort.»

Dette enorme hjelpearbeidet kunne ho sjølvsagt ikkje ha gjort utan tysk samtykke, og Marie lærte seg å skilja mellom ”gode” og ”vonde” tyskarar:

«Jeg begynner nå å kjenne de forskjellige tyskerne og vet hvordan de er. Når Fritz er til stede er det best å være forsiktig. Det er ham de kaller ”Kaninen”. En annen heter Koffermann, og ham kaller de for ”Presten”. Han ser så snill og ydmyk ut, men han hører og ser alt og er i virkeligheten like farlig som Fritz, som er morsk og brølende. Men noen av vaktene er greie. Den beste er Sütter, han er østerriker og meget snill med fangene. Han hjelper dem i smug og er som en kamerat for dem […]. Berthold og Sütter er mine spesielle kontakter i leiren, og de gjør begge meget for fangene. Mayer vet ikke om dette, men han er sint på Berthold fordi han ikke vil drikke og spille kort.»

Marie Østrem fekk naturleg nok eit svært godt rykte på seg både blant krigsfangane, som elska henne og kalla henne ”Russkaja mama” (Russar-mora), og blant tyskarane, som kalla henne ”Russe-Mutti”.

Rømlingen Leonid Dnjeprovskij

Tredje juledag 1942 gjekk Leonid Dnjeprovskij vekk frå arbeidskommandoen sin på Hauge, og ned til Lyssandtræ. Der banka han på døra til Marie Østrem sitt hus på Fossheim. Marie skriv i dagboka si:

«Han gaper, peker på munnen og ser bønnlig på meg. Jeg skynder meg og finner litt mat til ham. Han blir svært glad, takker rørt og lar meg få vite at han heter Leonid, så går han til et annet hus.»

Fangane frå Grini kjem marsjerande inn på Osøyro

Russiske krigsfangar frå fangeleiren på Haugsneset kjem gåande inn på Osøyro etter frigjeringa

Generelt rekna tyskarane flukt for å vera eit stort trugsmål, då dei frykta det skulle danna seg bandar av rømde krigsfangar som dreiv sabotasje. Det var eigentleg ikkje vanskeleg for fangane i Os å rømma den første krigsvinteren, men dei færraste gjorde det, fordi dei ikkje hadde nokon stad å rømma. I Nord-Noreg kunne ein rømling mange stadar komme seg til det nøytrale Sverige i løpet av ein dagsmarsj og melda seg på den sovjetiske legasjonen i Stockholm. På Vestlandet kunne ein fange i beste fall håpa på å komma seg opp i fjellet, og var i alle tilfelle avhengig av godvilje frå lokalbefolkninga for å overleva. Leonid Dnjeprovskij gjekk tilbake til arbeidskommandoen på Hauge, men dagen etter kom han til Fossheim igjen og fekk mat og tobakk. Same kvelden let Leonid vera å gå tilbake til arbeidskommandoen, og dagen etter dukkar han igjen opp hos Marie Østrem – blågrå i ansiktet og med stivfrosne klede. Leonid Dnjeprovskij har flaks. Marie Østrem skriv i dagboka si:

«Leonid kommer hit hver dag. Jeg lar døren stå ulåst når jeg går mine ærende, så kan han komme inn når han kommer. Det er lett å bli sett av tyskerne om han skal bli stående ute. […] Nå har vi avtalt det slik at hver dag før klokken åtte går jeg med mat til Leonid. […] Like ved brufestet vokser det en stor older. Inn under røttene har min mann nå gravd til en slags hule, som han har dekket med lyng og gamle greiner. Dit bærer vi nå mat til Leonid, og han får frokost, middag og kveldsmat – alt samtidig. Vi har sagt til Leonid at han skal få det han trenger av oss, så slipper han å flakke så mye omkring og utsette seg for å bli oppdaget av tyskerne.»

”Fangen i skogen” som Marie kalla han, fekk komma heim til familien Østrem seint om kveldane og nettene for å snakka. Praktisk talt heile Østrem-familien var såleis innblanda i å skaffa Leonid mat og halda han i skjul: Marie og mannen Reinholdt, dottera Rutt og hennar mann Gustav Lund (Milorg-jeger), yngste sonen Jacob (16 år) og eldste sonen Roll (Milorg-jeger) med kona Magny. Sjølv om Roll Østrem og Gustav Lund var med i Milorg, er det viktig å leggja merke til at dei gjorde dette som privatpersonar – ikkje på Milorg sin ordre. Utover mot midten av februar 1943 vart det stadig farlegare for Leonid å halda til i skogen, for tyskarane hadde øvingar og razzia i området. 24. mai 1943 tok Milorg i Os over heile dekninga av Leonid. Han vart flytta til Hegglandsdalen og plassert i ei barhytte på Gråkletten nedom Møsnuken, cirka 400 meter over havet. Meir om korleis Leonid etter kvart blir ein aktiv sabotør i kampen mot okkupasjons-makta, kan du lesa i hovudoppgåva: Leonid Dnjeprovskij alias ”Nils”, skriven av Ole-Jacob Abraham.

Brev frå dei russiske fangane

Leonid Dnjeprovskij skriv til Marie Østrem frå Gråkletten i Os, 26. september 1943: «I verda finst det ikkje eit slik ord som kan få uttrykt mi djupe og hjartlege takksemd til Dykk og alle dei andre, for at de har redda livet mitt. I no månader – ikkje ni dagar – har eg ikkje arbeidd, men eg har ete mykje norsk mat. De har kosta livet mitt, men når og korleis skal eg betala tilbake? (Gud veit.)» Sommaren 1945 oppheldt dei tidlegare krigsfangane seg i ein brakkeby på Melkeplassen i Laksevåg utanfor Bergen. To av fangane frå fangeleiren på Tøsdal skreiv takkebrev til Jon Lundetræ i juni 1945, med hjelp frå Leonid Dnjeprovskij.

Glade osingar og russarar i frigjeringsdagane

Glade osingar og russarar i frigjeringsdagane

Sergej Mikhailovitsj Korbatov frå Tulá-provinsen i Russland, seier: «For helle tiden mens vi var i fangenskap på Tysdal Os vi fikk så god modtagelse fra Dere og adre Norske folk her i Norge, at det er helt umulig å finne en ord som kan vi utsagt vår hjertelig varmt takknemlighet. Jeg er meget takknemlig til Deres kjære kammrat Jon for Deres bryderi om meg for disse 20 måneder. Du sent til oss hver eneste dag de nyhetene om kamp i vår federland og om det som vi var interessante i.» Vasilij Grigorjevitsj Borodin frå Vorónezj-provinsen i Russland, skriv: «Jeg er meget takknemlig for Deres bryderi med meg (for den maten jeg fikk og Deres nyhetssetning som Ruslad os.v. Jeg var i Tysk-fasisk fangeskap i løpet 4 år, jeg fikk dårlig behandlig, dersom Tyskerne reiner ikke at Russere er mennesker; bare med Deres hjelpen jeg kunne klare å overleve disse dårligste stunder i fangeskap. Herrer og Kammerater i Norge!!! Herr Jon Lundetræ er viktig Norsk patriot […]. Leve Jon Lundetræ, leve det Norsk folk!» Meir tydeleg kan det vel knapt seiast kva lokalbefolkninga tydde for dei sovjetiske krigsfangane i Os. Slik skreiv ein annan krigsfange om Marie Østrem:

«Leve fru Marie Østrem – ekta patriotisk norsk kvine! Alle disse russiske fanger som var i Bergen og omkring sjenner henne og kalte henne ”Mamma” og det er helt naturlig. Hun redet 100-vis liver fra tyskernes tirani. Helt fra da russiske fanger kom dit, gikk hun med helle sin sjel inn i arbeidet for å hjelpe dem. Intet offer var for stort for henne, ikke engang hennes eget liv. Hun bare sagt: Hvis jeg dø under denne arbe, så det er ingen sak mens jeg har redet mange liver!»

Minst sju sovjetiske krigsfangar døydde i Os under krigen. I førstninga av februar 1943 døydde Sergej Milotsjin. Behandlinga av liket hans fortel mykje om den tyske haldninga til fangane. Marie Østrem skriv:

«En morgen ligger en død fange ti minutter fra leiren. Han blir liggende på samme sted i flere dager. Tyskerne vet om liket, men de lar det ligge. Fangen skal hete Sergei. Kanskje er han død av sult og utmattelse, men det er også mulig han er skutt. Tyskerne melder ikke av til presten om dette dødsfallet. De setter noen andre fanger til å kaste opp en grav for ham, og så blir liket puttet i en papirsekk og dratt på kjelke til kirkegården. Folk som bor i nærheten av leiren så at tyskerne dengte løs med tykke stokker på det frosne liket før de dro av sted med det.»

I alt døydde det kring 13.000 sovjetiske statsborgarar i Noreg under okkupasjonen. Det totale talet på sovjetiske statsborgarar som vart sende til tyske leirar i Noreg under krigen, ligg på kring 97.000. Mortaliteten blant dei sovjetiske fangane blir då om lag 13%. Samanlikna med dette landsgjennomsnittet, var dødsprosenten i Os mykje lågare: sju døde av 230 fangar i Os gir ein mortalitet på 3%. Dette stemmer med det Gudrun Heggland gir uttrykk for, nemleg at Haugsneset-leiren var ein av dei ”betre” tyske fangeleirane.