Handverk og industri

Tresko-graving

Treskograving var ei stor næring i Os alt frå 1700-talet. Det var eit typisk attåtyrke. Det trong lite plass – ein kunne gjerne sitja i stova med det, det var lett å finna emneved og det var heller ikkje mykje reiskap som skulle til. Svært mange osingar dreiv med treskograving attåt hovudyrket sitt, som for dei fleste var jordbruk eller fiske.
Os vart etter kvart den store treskobygda. Mot slutten av 1800-talet vart det selt 80 000 par treskor for året ut or bygda. Innpå 1900-talet gjekk etterspørselen etter treskor noko ned, men framleis var det mange som dreiv med det i ledige stunder, og det var både treskofabrikkar og kloggefabrikkar i Os. Fyrste tiåra etter krigen vart det om lag heilt slutt på å bruka treskor, og kloggar var det heller ikkje stor etterspørsel etter. Det fanst framleis dei som kunne det, og Bergen Museum fekk i femtiåra laga ein film om treskograving, med den gamle treskomeisteren Svein Øvreeide i Hegglandsdalen i hovudrolla. Framleis finst det treskor i bygda, men det er få som bruker dei og ingen lenger som lagar til vanleg bruk.

LHA036Tynnearbeid

Frå 1700-talet reiste osingar til Bergen på tynnearbeid – ”dei kjipra i bydn”. Mot slutten av 1800-talet tok dei også til å arbeida tynner i Os, og rundt førre hundreårsskifte ”dunka dei tunnor i dei fleste grender i bygdi”, skriv Nils Tveit i Os soga. Framover mot 1920 var det mange som gjekk frå treskoarbeidet – og andre yrke – til tynnearbeidet. Det kom i gang fleire tynnefabrikkar, frå Øyane til Lønningdal. Den største av dei, og den som heldt på lengst, var tynnefabrikken på Halhjem. Her vart verksemda lagt ned i 1968. Johannes Halhjem heldt likevel fram med å laga tynner, stampar og liknande i mindre målestokk like fram mot siste hundreårsskifte.

Rosemåling

Nils Tveiterås kom frå Samnanger til Os i 1820. Nils Midthus, som han tok til å kalla seg, var av rosemålarslekt, og held fram med dette etter at han kom til Os. Etter kvart utvikla han sin eigen stil. Sonen, Annanias Midthus (som seinare tok namnet Tveit) og Ola Lien (som seinare tok namnet Midtbø) gjekk i lære hos han og utvikla denne stilen vidare. Dei står nok framleis som dei fremste representantane for det som er kalla osmålinga.

Rosemålarverkstaden til Annanias Tveit

Rosemålarverkstaden til Annanias Tveit

For hundre år sidan var osmålinga inne i glanstida si. Ola Midtbø og Annanias Tveit var framleis svært så aktive, og på Tveit var det målarverkstad der mange nye rosemålarar fekk opplæringa si. I tiåra som følgde var det mange som måla roser i Os, men det var ikkje mange av dei som gjorde det til yrke. Etter andre verdskrigen var det berre to rosemålarar att som levde av rosemåling. Det var Peder Rød, som hadde gått i lære på Tveit, og Karl Midtbø, som hadde lært av far sin, Ola Midtbø. Annanias Rød hadde lært kunsten av far sin, og byrja med rosemåling i stor stil då han nærma seg pensjonsalderen. Han måla mykje sjølv, og held mange kurs. I dag er det fleire dugande rosemålarar som målar i Os-stilen, dei fleste av dei er kvinner, og dei fleste har lært det hos Annanias Rød.

BILDE_17

Oselvar med seil

Båtbygging

Båtbygginga har svært gamle røter i Os. For hundre år sidan var båtbygginga framleis ei stor næring, men utfordringane var store. Fiskarane, som var viktigaste kundegruppa, tok til å ta i bruk større båtar, etter kvart også med motor. Tida for færingen og seksæringen som den vanlege fiskebåten var forbi. Det vart bygd vegar på landjorda, og transporten tok til å flytta seg frå sjøen og opp på land. Bilane kom og tok sin del av kaka. Det var likevel mange som levde av båtbygging, og mange som hadde det som attåtnæring, frametter mot krigen. Henrik J. Askvik sette i gang fabrikk i Askvik, og svært dugande båtbyggjarar i Søvik og på Drange arbeidde mykje båtar. Det vart også bygd gode båtar andre stader i bygda.

Men etterspørselen etter oselvarar gjekk ned. På femtitalet vart siste oselvaren bygd i Askvik, og etter kvart var det berre Søvik og Drange att der det vart bygd slike båtar. I 1997 kom Oselvarverkstaden i gang, og no er det berre der det vert bygd oselvarar. Der får unge båtbyggjarar opplæring av eldre, slik at denne viktige tradisjonskunnskapen vert ført vidare til nye generasjonar.

Askeladden

Askeladden

I Askvik la dei om til andre produkt. Dei bygde doryar til fiskeflåten, fantastisk flotte passbåtar og dei bygde endå til vikingskip, til filmen ”The Vikings” som vart spela inn i Maurangerfjorden i 1958 med Kirk Douglas i hovudrolla. Rundt 1960 byrja dei å byggja i plast, og byrja tidleg å ta i bruk merkenamnet ”Askeladden” på plastbåtane sine. Verksemda er i dag største småbåtprodusenten i Noreg.