Turen går mot aust

Mange nordmenn er blitt reisevante - og vi reiser langt og fjernt av stad. Det går ofte mote i kva for språk og land som blir omsatt til og presentert på norsk - nokre land er rikt representerte, mens andre land knapt er synlege i norske bøker. Litteraturfestivalen på Lillehammer hadde sommaren 2015 kinesisk litteratur på programmet - her er nokre smakebitar frå landa og landskapa mot aust.

Lesereiser til fjernare himmelstrøk

Turbulens i Russland

anna karenina det ville østen metro 2033 russland rundt vinterdronningen

Vi kjenner nokre av bøkene til dei store russiske forfattarane frå 1800-talet, som: Anna Karenina og Krig og fred, av Lev Tolstoj, Forbrytelse og straff, Raskolnikov og Brødrene Karamasov, av Fjodor Dostojevskij, eller: Onkel Vanja og Tre søstre, av Anton Tsjekhov. Men nyare russisk litteratur er mindre kjent. Som ferielektyre kan vi her til dømes by på ei litterær togreise i lag med forfattaren Natalja Kljutsjarjova: Russland rundt på tredje klasse, eller ein tur til Sibir med den norske forfattaren B. MiRee Abrahamsen: Det ville Østen – en innføring i klassisk sibirofili. Vil du heller lesa ein noko dystopisk, men svært underhaldande framtidsroman frå metroen i Moskva, kan vi anbefala kultboka: Metro 2033, av Dmitrij Glukhovskij – politisk satire av høg kvalitet. Vodka, av Boris Starling, er ein suggererande Moskva-thriller frå kaostida rett etter kommunismens fall, mens: Vinterdronningen, av Boris Akunin, er første bok i ein sofistikert krimserie lagt til slutten av tsartida, med peikarar fram mot den kommunistiske revolusjonen. Tor Bomann-Larsen skriv om sjølve revolusjonen og drapet på den siste tsarfamilien, i boka: Livlegen.

Konflikt-stillstand i Midtausten

det blå amoz oz mishani grav i gazaValden og det uforsonlege raseriet mellom ulike politiske grupperingar i Israel/Palestina opprører oss. Forfattaren Susan Abulhawa har skrive gripande om livet som palestinsk flyktning i boka: Morgen i Jenin, og følgjer i år opp med: Det blå mellom himmel og hav. Amos Oz viser oss livet i ein (tenkt) israelsk landsby i den kritikerroste: Historier fra et landsbyliv, som kom ut i 2013, og i boka: Som om det bare var noen dager, av Meir Shalev, får vi eit nærast mytologisk møte med jødisk filosofi, gjennom ei kjærleikshistorie lagt til den israelske landbygda. Journalisten Matt Beynon Rees har skrive kulturnær og engasjert krim frå Palestina, til dømes: Mordene i Betlehem, eller: En grav i Gaza, om historielæraren Omar Yussef, som oppklarer mord og politiske konspirasjonar når han ikkje er i klasserommet og underviser jødiske og palestinske barn. Dror Mishani er nyleg omsatt til norsk med krimforteljinga: Naboens sønn, der politietterforskaren Avi Avraham er hovudperson.

Svipptur til Egypt

yacoubian automobilklubb det niende prinsippDet er kanskje ikkje heilt trygt å reisa i Egypt for tida, men i dei sanselege bøkene til den egyptiske forfattaren Alaa al Aswany, kan vi verkeleg nyta dette landet! Prøv: Yacoubian-bygningen, eller årets bok: Den kongelige egyptiske automobilklubben. Ellers har den norske forfattaren Gert Nygårdshaug vore ein heftig tur innom den store pyramiden i Gaza, i krimboka: Det niende prinsipp – for øvrig ein glitrande og finurlig krimserie på 10 bøker. Samfunnskritisk, eventyrleg, og bugnande av nyttig og unyttig kunnskap om alt frå pyramide-kultur til vindyrking, sommerfuglsanking, klimakrise – og mykje meir.

 

Fredsdraumar i Afghanistan

drageløperen aske aslak nore cricketklubben kafeenMange har fått med seg det vakre og vemodige møtet med Afghanistan i Khaled Hosseini si bok: Drageløperen, og seinare også i: Og fjellene ga gjenlyd. Forfattaren Atiq Rahimi har skrive: Aske og jord, ei lita og skakande forteljing om å leva i krig, lagt til tida etter den sovjetiske invasjonen. Mange sakprosabøker er etterkvart skrive om dei væpna styrkene i Afghanistan, og i thrillaren: En norsk spion, av Aslak Nore, blir både soldatlivet og det politiske spillet rundt den vestlege intervensjonen spennande skildra. Den danske skribenten Carsten Jensen har tatt føre seg den politiske dimensjonen i: Alt dette kunne vært unngått – en reise gjennom det nye Afghanistan. Vil du heller ha litt muntrare folkelivsskildringar, kan du prøva: Den talibanske cricketklubben, av Timeri N. Murari, eller: Den lille kafeen i Kabul, av Deborah Rodriguez.

Eventyrleg i India

shantaram suitable boy seks mistenkte tjenestepiken indias datterEi verkeleg stor og fantastisk reiseoppleving, får du i røvarromanen: Shantaram, av Gregory David Roberts. Ekte kulturmøte-snacks! Boka er tjukk – men det er jo sommarferie!  Ein annan «tjukkas», er den eventyrlege historia om eit arrangert ekteskap i Vikram Seth si bok: En passende ung mann. Bollywood i bokform! Den indiske forfattaren Vikas Swarup vart berømt gjennom Q-and-A-boka filmatisert som «Slumdog Millionaire». Han har òg skrive ei humoristisk forviklingskrim: Seks mistenkte, som er vel verdt ei par dagars litterær kulturreise i vått vestlandsvêr. Tarquin Hall har òg skrive ei underhaldande forviklingskrim, i slekt med «Damenes detektivbyrå nr. 1»: Tjenestepiken som forsvant. På den meir emosjonelle og gripande sida, finn du til dømes: Indias datter, av Shilpi Somaya Gowda, eller også den vakre og litt fantasy-aktige ungdomsboka: Konkyliebæreren, av Chitra Banerjee Divakaruni.

Norske mord i Thailand – og på Filippinene

brennemerket kakerlakkene smertensDen norske krimfloraen er rik og mangfaldig – og som mange andre nordmenn, drar også norske politietterforskarar og krimheltar mot aust. Vil du oppleva mord, narkotikakriminalitet, mafia og mørke sinn i Thailand, kan vi anbefala Eystein Hanssen sin nyaste krim om den ukonvensjonelle etterforskaren Elli Rathke: Brennemerket. Ellers går handlinga i Jo Nesbø si andre bok: Kakerlakkene, føre seg i Thailand. Ho byrjar med at den norske ambassadøren i Thailand blir funnen myrda på eit horehus i Bangkok … Vil du lesa mørkt og konspiratorisk frå Filippinene, kan du ta med deg: Smertens aveny, av Roar Sørensen, med den norske politimannen Stingo i hovudrolla. Ingenting er som ei drivande spenningsforteljing, for å setja sol, sjø og slaraffenliv i perspektiv!

Bilete av Nord-Korea

på flukt pyongyang barnehjemsbestyrerens mammaGlimtvis får vi innblikk i sider av livet i det nord-koreanske samfunnet – gjennom avisartiklar, reportasjefilmar på YouTube, norske kunst- og idrettsprosjekt, med meir. Eit tøft møte med ei ung jente som flykta frå hungersnøden i Nord-Korea i 1998, får du i sjølvbiografien: Ni år på flukt fra helvete, av Eunsun Kim. Nord-Korea sett med vestlege auge, finn du i amerikanaren Guy Delisle si forteljing:  Pyongyang – en tegnet reise i Nord-Korea, som er god journalistikk i teikneserieformat. Ein annan amerikanar, Adam Johnson, har skrive: Barnehjemsbestyrerens sønn, ein underhaldande og varmhjerta forteljing om livet til barneheimsbarnet Pak Jun Do, som stadig vekk havnar i absurde situasjonar med ulike makthavarar i det politiske hierarkiet. Vi må òg nemna bøkene til sør-koreanske Kyung-sook Shin, til dømes: Ta vare på mamma, ein lettslukt «godbit» som gir eit levande bilete av den koreanske kulturen.

Glimt frå Kina

livet og døden kineseren rød heltinne shanghai skinnende midnatt myterFleire av bøkene til nobelprisvinnaren Yan Mo er omsatte til norsk, mellom anna: Livet og døden tar rotta på meg, som gir oss bilete av Kinas historie frå 1950 fram til årtusenskiftet. I krimboka: Kineseren, av Henning Mankell, blir vi tatt med tilbake til Kina på 1860-talet, då tusenvis av kinesarar vart solgte som slavar til USA, mellom anna for å byggja jernbane på tvers av det nord-amerikanske kontinentet. Eksil-kinesaren Qiu Xiaolong har skrive fleire svært underhaldande krimbøker frå Kina rundt årtusenskiftet, til dømes: En rød heltinnes død – kulturkunnskap, politikk og spenning i herleg samrøre! På den meir glamorøse og romantiske sida, kan vi nemna: Maleren fra Shanghai, av Jennifer Cody Epstein, der handlinga er lagt til 1920-talet. Meir sosialrealistiske skildringar frå dagens Kina, finn du i novellesamlinga: Skinnende gull, glitrende smaragd, av Yiyun Li, mens Paul French tar for seg åra rett før andre verdskrigen i boka: Midnatt i Peking – mordet som rystet det gamle Kinas siste dager. Marte Kjær Galtung og Stig Steinslie ga nyleg ut: 49 myter om Kina, der dei diskuterer bilete av og fordommar om det store landet i aust.

Japanske freistingar

sne om våren makioka fargeløse hva jeg snakker om merkelig vær buddha
Eit møte med
den gamle aristokratiske krigarkulturen i Japan, med sin strenge moral- og æreskodeks, får vi i bøkene til Yukio Mishima, til dømes: Sne om våren, der handlinga er lagt til Japan i 1912. Ein annan klassikar er: Søstrene Makioka, nyleg utgitt på norsk, av forfattaren Junichiro Tanizaki. Her møter vi fire søstre i tida rett før andre verdskrigen, ei brytningstid mellom det gamle tradisjonsbundne samfunnet, og den nye tida med aukande vestleg påverknad – og heilt andre reglar for kurtise og ekteskap. I Norge kjenner vi godt til den store litterære produksjonen til forfattaren og maratonløparen Haruki Murakami – den nyaste boka hans på norsk er: Fargeløse Tsukuru Tazaki  og hans pilegrimsår. For dei løpeglade, som også har ein hang til meditasjon, er det mykje underhaldning og stoff til ettertanke i: Hva jeg snakker om når jeg snakker om løping. Ei fersking i bokhyllene kan vi òg trekkja fram: Merkelig vær i Tokyo, av Hiromi Kawakami. Og for dei som elskar japansk manga – den storslagne teikneserien i åtte bind: Buddha, av «grand old man» innanfor manga-tradisjonen, Osamu Tezuka. Festleg, glitrande og kulturhistorisk korrekt om livet og lagnaden til han som vart kalla Buddha.

Vårløyse på Cuba

dona maria den vakre maria jeg var aldri vinter dette er cubaSiste stopp i austleg retning ligg langt forbi både Hawaii og Mexico – det frodige og politisk eineståande Cuba. Vi har gjennom åra fått mange litterære skildringar frå det eksil-cubanske miljøet i USA, mellom anna frå Cecilia Samartin i: Doña Maria, eller i: Drømmehjerte. Vi foreslår òg: Den sanne historien om vakre Maria, av Oscar Hijuelos, som gir eit levande bilete av Havana på 1950-talet, eller: Jeg var aldri førstedame, av Wendy Guerra, som skildrar det moderne Cuba gjennom tre kvinneskjebner. I kriminalforteljinga: Vinter i Havana, av Leonardo Paduro, får vi ei gatelevande skildring av den varmhjerta politimannen Mario Condes – og mykje fengslande Havana-historie. Til slutt må vi nemna: Dette er Cuba – alt annet er løgn!, av Vegard Bye og Dag Hoel – ei heit og og forførande forteljing om Cubas historie og kultur, samfunnsliv og politikk, kalla: «den mest innsiktsfulle boka skriven om noko land på norsk». God lesereise!