Kunsten å reisa

Er du framleis i feriemodus? Drøymer du allereie om neste eventyr? Anten du planlegg ei bestemt reise, eller bare fabulerer om nye reiseopplevingar – ei bok kan gi deg sterke og levande inntrykk frå andre liv og landskap. Bli med på ei litterær reise!

Jorda rundt

jeg har sett verden begynnereisens magiGler du deg til neste ferietur, kan du til dømes byrja opptrappinga på magen på golvteppet, eller med tekopp og lesebriller i ørelappstolen. Vil du gjera store sveip gjennom kulturar og verdsdelar, kan du prøva dei eminente reiseskildringane til den danske skribenten Carsten Jensen: Jeg har sett verden begynne, og: Jeg har hørt et stjerneskudd. Jens A. Riisnæs, kjent frå reiseprogram i NRK, har gitt ut: Reisens magi – reisebok for reiselystne, og er du i det romantiske hjørnet, kan du gi deg i kast med: Verdens fineste – 55 romantiske reisemål, av Kristin Valla. I bibliotekhyllene finn du to sjarmerande reisesamlingar: I store forfatteres fotspor – om reisemål i Europa, og til reisemål i fjerne himmelstrøk.

Reisebiblioteket
Du kan òg ha med deg lesetips på iPhonen din, ved å lasta ned Reisebiblioteket frå AppStore.

 

 

 

Europa-draumar

Båttur langs svenskekysten

farlig farvann sjelekisten Kva med ein tur til Sverige? Den svenske skjærgarden er full av lik og handlekraftige mordarar! Vi kjenner godt Camilla Läckberg sine krimforteljingar frå Fjällbacka, men prøv òg Ann Rosman sine spenningsbøker frå Marstrandsøya nord for Göteborg, til dømes: Sjelekisten – eller: Farlig farvann av Viveca Sten, som skriv frå øya Sandhamn utanfor Stockholm. Vil du ha ein svartare storbykrim, for å komma litt bort frå sommaridyllen, kan du prøva Aldri fucke opp, av Jens Lapidus, eller Mellom sommerens lengsel og vinterens kulde av Leif G.W. Persson, om Palme-mordet. Eller er sommaren kanskje tida for dei store og tjukke bøkene du ikkje har tid til å lesa i kvardagen? Då kan du jo ta fatt på Jan Guillou sin store forteljing om Europa på 1900-talet, der Brobyggerne er første boka.

Biltur i Danmark

kronprinsessenuroSkandinavisk krim er stor ute i verda – i Norge har vi eit lidenskapeleg forhold til Jussi Adler-Olsen, som skriv makabert og underhaldande om drapssakene til Avdeling Q. Prøv også: Uro, av Jesper Stein, som flettar ungdomsopprør og gatekampar i København inn i ein tett og spennande politikrim, eller: Det syvende barnet, av Erik Valeur, ei riktig tjukk spenningsforteljing om ein ikkje heilt stuerein barneheim. Ellers er det val i Danmark denne våren, og då kan det jo passa godt å lesa Hanne-Vibeke Holst sin politiske trilogi frå siste halvdel av 1900-talet: Kronprinsessen, Kongemordet og Dronningofferet – også ei glitrande skildring av dei store endringane i kvinners plass i samfunnet etter krigen.

Pakketur til Spania

vokteren tangodanserenMange har lese dei store Barcelona-bøkene: Vindens skygge, av Carlos Ruiz Zafon, og: Havets katedral, av Ildefonso Falcones. Arturo Perez-Reverte er ein annan av Spanias mest leste forfattarar, du kan til dømes prøva krimboka: Det flamske maleriet, eller årets bok: Tangodanseren, som går føre seg i Buenos Aires på 1920-talet. Den engelske forfattaren C.J. Sansom har skrive: Vinter i Madrid, ei sterk skildring av borgerkrigstida i Spania, og borgerkrigen er også tema i den vesle, nydelege boka: Diamantplassen, av Merce Rodoreda. Nordmannen Jo Stein Moen har for øvrig skrive ei kritikarrost fagbok om nordmenn som kjempa i den spanske borgerkrigen: Tusen dager – Norge og den spanske borgerkrigen 1936-1939. Vil du derimot ha autentisk spansk krim, kan vi anbefala: Mørke netter i Barcelona, av Alicia Gimenez-Bartlett, eller Den usynlige vokteren, av Dolores Redondo – som legg handlinga til Pamplona og den vesle landsbyen Elizondo i Navarra.

Kulturbad i Italia

du er ondskapMi briljanteVårens storslagar: Mi briljante venninne, av Elena Ferrante, går føre seg i Napoli på 50-talet; underhaldande om etterkigstida, og nyansert om to unge jenter som blir venninner for livet. Skal du til Venezia, kan du lesa historia om: Glassblåseren fra Murano, av Marina Fiorato, eller nyta krimbøkene til Donna Leon, til dømes: Springflo – om historie, folkeliv, turisme og korrupsjon i den vakre kanalbyen. Krimbøkene til Andrea Camilleri går føre seg på Sicilia, i til dømes: Slik vann tar form, og bøkene er òg blitt TV-serie: Kommisær Montalbano. Ein liten krim-klassikar om mafiaen på Sicilia: Uglens dag, av Leonardo Sciascia, kom nyleg ut på norsk. Skal du til Roma, kan du prøva deg på den heftige kultur-krim’en: Du er ondskap, av Roberto Costantini, og vil du lesa essays om Roma, finn du til dømes: Roma – nye fascister, røde terrorister og drømmen om det søte liv av Simen Ekern, i bibliotekhyllene.

Øyhopping i Hellas

den siste greker sypresseneØya av Victoria Hislop, er blitt ein moderne klassikar frå Hellas, og Tråden følgjer opp suksessen. Vil du ha ein riktig gammal klassikar, kan vi tipsa om: Sokrates forsvarstale, penneført av Platon, om demokrati og ytringsfridom. Den siste greker, av Aris Fioretos skildrar tida frå 1922 og fram til militærjuntaens kupp i 1967, mens: Når sypressene hvisker, av Yvette Manessis Corporon, og: Kaptein Corellis mandolin, av Louis De Bernières, gir oss meir romantiske og nostalgiske møte med Hellas. I essaysamlinga: Rødt, hvitt & blått – om demokratiet i Europa, gir Asle Toje oss eit tankevekkande møte med Hellas etter finanskrisa.

 

Langhelg i London

 

Ei lita kunstreise