Lesetips for småskuletrinnet

Biblioteket er jamnleg ute og besøker foreldremøte i skulane i Os, først og fremst i tredjeklassane. Då har vi med oss bunkar og lass med bøker til inspirasjon for både barn og vaksne - til lesing og bokmoro i heimen.

Nytt og gamalt, lettlest og langlest

Vi er glad i ei frodig blanding av nyare bøker og klassikarar, biletbøker og småforteljingar – faktabøker, vitsar, humor og spenning. Vi oppfordrar alle til å låna med seg heim rikeleg med lesestoff, så det alltid finst noko morosamt å bla i eller bli oppslukt av. Vi er ikkje ute etter at alle skal bli ihuga lesehestar, men vi ønskjer og trur på at alle kan blir glade lesarar!

Her er ei liste med: Lesetips 1-4 2016 (etter foredraget: «Frå Prompeland til Harry Potter si magiske verd»), og nedanfor fleire tips for 3. klassingar:

Kort og godt

3 A 100 fakta 1 3 1001 forerdelige
Morosamt, kortlest, vanvittig – og gøy å dela med kvarandre: «Slemme barn» (skrekkelege moro-dikt), «Verdens mest korrekte faktabok om kroppen» (i serien Gutta i trehuset), «1001 forferdelige fakta – en grøssopedi» (nøkterne fakta om fryktelige ting), «100 fakta om evolusjon» (eller om vampyrar,  piratar, planter, og mykje meir), «Doktor Proktors sensasjonelle samling av dyr du skulle ønske ikke fantes» (ja, om nettopp ufyselege dyr).

Biletbøker

4 B Grimsborken 1 4 B Lactoselaila 1 4 B Pæra 1 4 C Anna 1

Fantastiske, vakre og eventyrlege bøker for barn i alle aldrar – og ofte store kunstopplevingar i tillegg: «Lille frøken Detektiv» (Nancy Drew som teikneserie, som lydbok, som høyrespel – og for nysgjerrige detektivar på småskuletrinnet), «Grimsborken» (og andre eventyr i teikneserieform), «Laila er laktoseintolerant» (ikkje akkurat ei opplysingsbok), «Den utrolige historien om den kjempestore pæra» (i ein eksplosjon av glade teikningar), «Annas himmel» (djupt og vakkert om sorg og om livsglede. Magisk!).

Passe lange historier og forteljingar

6 B Horst 1
Det er ikkje alltid like lett å få barna til å lesa ei heil bok på eiga hand. Då er det kjekt med spennande og artige forteljingar med gode illustrasjonar som bryt opp teksten i mindre stykke: «Krise-Kristine»-bøkene (nei, ho meiner ikkje å skapa katastrofar kring seg heile tida!), «Detektivbyrå nr. 2»-bøkene (Jørn Lier Horst sine spenningsforteljingar for småskuletrinnet – med mange fine og fargerike teikningar), «LasseMajas detektivbyrå» (meir tekst, mykje spenning og gode strekteikningar), «Gutta i trehuset med 13 etasjer» (sprudlande vilt og gale, og leikne teikningar som buktar seg kring på boksidene. Latterleg morosamt frå første side), «Kaptein Supertruse» (fullpott med lukkeleg prompehumor!)

Faktabøker

5 C Dinosaurer Universet
Faktabøker er glimrande lesetrening – lærerike, varierte, gjennomillustrerte og fulle av korte kjappe tekstar ein kan lesa i litt no og litt då – eller finstudera og bli riktig klok! Og det finst bøker på mange ulike lesenivå: «Utrolige dinosaurer» (Faktaløve),
«På jobben» (om mange ulike jobbar, i serien Faktisk), «Energi» (og mange andre tema, i serien Topp fakta), «Den store kunstboka for barn og unge», «Den store myteboka for barn og unge» (rikhaldige og underhaldande kulturhistoriebøker), «Kriminalteknikk» (og mykje anna spennande i serien Vitenskapsbiblioteket), «Barnas utrolige bok om moter» (utrulege fakta frå motehistoria), «Hvis dinosaurene hadde levd i dag», «En faktahest om politikk» (godt og lettlest om demokrati og politikk, i Faktahest-serien), «Grønne barn : spar vann, spar energi», «Slik virker universet» (Slik virker det), «Å klemme fingeren i døra : en bok om følelser» (glimrende om dei store og vanskelege kvardagskjenslene – sinne, sjalusi, mindreverd osv.).

Moro med skolefag

5 E Mattemoro Skolefag«Slik blir du et mattegeni»,
«Fysikkmagi», «Mattemagi», «Språkmagi»,
«Forskerfabrikken»,
«Leksehjelp i matematikk»