Ei lita kunstreise

Sommaren 2015 sto ei utstilling av Paul Gauguin sine verk i Basel i Sveits, og denne leselista vart laga i samband med den. Gauguin og mange kunstnarar i samtida hans, var fascinerte av framande kulturar og primitiv, eller opphaveleg, kunst. Afrikanske masker og treskjærarkunst, japansk teiknekunst og arkitektur - og med Gauguin, draumen om det enkle og naturnære livet på sydhavsøyene, i kontrast til industrialiseringa, folkeveksten og fattigdomen i dei europeiske storbyane.

Paul Gauguin

Utstillinga i Fondation Beyeler viste eit rikt utval av bilete på store lerret, mange av dei lånte frå samlarar i USA, og svært dyre å forsikra. Det er derfor sjeldan at så mange måleri av Gauguin er samla på ein stad – i følge Gunnar Danbolt i Kunstreisen på NRK, var dette ei svært vakker vakker utstilling. No er utstilinga pakka ned, men bøker om kunst og kunstnarar finn du i biblioteket!

paradisetVil du Lesa om Paul Gauguin, kan vi anbefala: Paradiset på det andre hjørnet, av Nobelprisvinnaren Mario Vargas Llosa – ei intens og urovekkjande forteljing, mellom anna om Gauguins tid på Tahiti og Marquesasøyene i fransk Polynesia. Skremmande kontrastar mellom det vakre og utopiske sydhavsuniverset i måleria hans, og det fattige, sjukdomsherja og undertrykte livet på øyene, der Gauguin til slutt døydde.

van goghFør han forlot Frankrike, vitja Gauguin Vincent van Gogh i Arles, hans liv kan du lesa om i klassikaren: Han som elsket livet, av Irving Stone – rørande og vidunderleg om den søkjande og sårbare kunstnaren.

munch olaf gNokre av bileta til Vincent van Gogh var utstilte i Munch-museet i Oslo denne sommaren, i eit sterkt møte med Munch sine bilete. Les om Edvard Munch i den eventyrlege og praktfulle biografiske teikneserien: Munch, av Steffen Kverneland. Som også har vore ute og reist i ein annan kunstnar sine fotspor, nemleg den legendariske teiknaren  og satirikaren Olaf Gulbransson, saman med kollega Lars Fiske. Les om reisa i det teikna meisterverket: Olaf G., ein fornøyeleg og ærefryktig heisatur gjennom Tyskland, i ei heftig blanding av nazifisert mellomkrigstid og notida.

lakunenkahloEi anna litterær kunstreise kan du gjera i: Lakunen, av Barbara Kingsolver, der turen går til Diego Rivera og Frida Kahlo i Mexico. Han som fortel historia, kallar seg Harrison Shepherd, og jobbar som kokk og sekretær for det berømte kunstnarekteparet.  Vi får òg møta kommunisten Lev Trotskij, som er på flukt frå Stalin og havnar i Mexico på invitasjon frå Diego Rivera i 1936. Ei vakker biletskildring av Frida Kahlo, finn du i barneboka: Det hjertet husker, av Bjørn Sortland.

himmelstormerenwessel 2Når Trotskij drar til Mexico, kjem han rett frå nokre månaders opphald i Norge, der han blant andre møtte den radikale fotografen og forfattaren Ellisif Wessel. Hennar liv og arbeid kan du lesa om i boka: Himmelstormeren, av Cecilie Enger. Nokre av bileta hennar kan du sjå i boka: Ellisif Wessel – du ber om mitt fotografi, av Elisabeth Johansen.

 

 

Turen går mot aust