Trivnad for alle

Folkebiblioteket er ein myldre- og opplevingsarena for alle som legg turen innom. Vi er ikkje lenger ein stad der alle må kviskra og helst sitja stille - men ein møteplass, ein studiestad, og rom for utforsking, rekreasjon og fritidsgleder.

Ro og trivnad

For at alle som bruker biblioteket skal ha ei triveleg stund med seg og sitt, må alle ta omsyn til kvarandre. Hovudregelen er at alle må snakka med fredeleg røyst, og ikkje springa omkring. Elles er det lov å snakka saman, prata dempa i mobiltelefonen, lesa for barna i lesebingen, eller eta matpakken ved eit bord og med ei avis eller eit tidsskrift ved sidan av kaffikoppen. Ved PC’ane er det sjølvsagt ikkje lov med mat og drikke.

Teikning: Stian Hole

Frå «Annas himmel» av Stian Hole

Lesekos

Lesa høgt i ro og mak

 

Les Ordensreglar som gjeld i Os folkebibliotek.