Skular

Skulane i Os er flittige brukarar av biblioteket, og vi er lukkelege når biblioteket myldrar av glade ungar, både i og utanom skuletida. Vi er glade for godt samarbeid med skulane. Skuleklassar i biblioteket er alltid kjekt, og det er stas å laga bokdepot til dei ulike klassetrinna, ofte i samband med leselystaksjonar.

Besøk i biblioteket

Gauden_086


1. klassane I OS
får invitasjon til forteljarstund i biblioteket i januar. I 2019 er det kunstnarane Bente Bratlund og Vidar Bratlund-Mæland som fortel om å skriva og dikta, og som les frå bøkene sine.

Lærarar på alle trinn kan be om å få komma til biblioteket, gjerne med mindre grupper, når det høver i undervisninga. Ta kontakt i god tid for å avtala tid! Vi kan skreddarsy eit opplegg som inneheld informasjon om biblioteket og formidling av aktuelle bøker.


Nasjonalt lånekortLåna bøker

Dersom elevane skal ha lånekort og låna bøker, må dei ha med underskrift frå foreldra på eit innmeldingsskjema. Du kan lasta ned og skriva ut skjemaet ved å klikka på lånekortet, eller du kan henta eit skjema i biblioteket.

 

Bokdepot i klasserommet

Dersom læraren ønskjer å låna med seg bøker for å ha i klasserommet, lagar vi lånekort på skulen ved den enkelte læraren. Bøker for å ha i klasserommet kan lærarane også tinga frå biblioteket. Ta kontakt eventuelt på telefon eller e-post. Lånetida er 8 veker. Bestill i god tid, minimum ei veke før de treng bøkene!

 

Vi må veta:

• Namn på skulen og læraren
• Klassetrinn
• Kor mange elevar
• Særskilte behov, til dømes om det er fleire med lesevanskar
• Særskilte ønske, som tema, faktabøker, skjønnlitteratur, ønske frå elevane
• Når de vil henta depotet