Meirope bibliotek

Er du over 18 år? Då kan du få tilgong til det meiropne biblioteket - kvar dag, heile året, frå 7.00 til 21.00. Kjekt å ha i sommar!

Kva er meirope bibliotek?

Frå og med 1.1.2018 er Os folkebibliotek eit meirope bibliotek. Det betyr at du kan bruka biblioteket når det passar best for deg, utanom bemanna opningstid. Vi har utlånsautomatar der du kan låna, levera og fornya bøkene dine sjølv. Det er lett å få tilgong, alt du treng er lånekortet ditt. Du kan bruka det meiropne biblioteket kvar dag heile året frå 07.00 til 21.00!

Korleis får du tilgong?

For å få tilgong til det meiropne biblioteket, må du komma innom biblioteket og signera ein kontrakt. Kontrakten får du av dei tilsette ved biblioteket. Du kan òg lasta ned kontrakten her (pdf), fylla han ut heime og levera på biblioteket.

Når kontrakten er signert og lånekortet ditt har blitt aktivert, kan du sjølv logga deg inn på biblioteket ved å skanna kortet ditt på den grå lesaren i vindfanget, og taste inn pinkoden din. Pin-koden vél du sjølv, og det er den samme du brukar når du loggar deg på nettsida vår heime, eller låner bøker på automatane. Har du ikkje pin-kode, lagar dei tilsette ein til deg når du leverer kontrakten.