Reservering og bestilling

I folkebiblioteket finn du bøker, lydbøker, teikneseriar, tidsskrift, aviser, filmar - og du har tilgang til e-bøker, norske kortfilmar på nett, utanlandske aviser via PressReader, m.m. Studielitteratur må ofte tingast frå universitets- eller høgskulebibliotek.

I ditt eige bibliotek

Det materialet som biblioteket ditt eig, kan du sjølv reservera via biblioteket sin nettkatalog. Eller du kan senda ein e-post eller ringa dersom det passar deg betre.

Fjernlån

Biblioteka samarbeider, og dersom du ønskjer noko som det lokale biblioteket ditt ikkje eig, kan vi prøva å få låna dette frå andre bibliotek. Dette gjeld kanskje eldre skjønnlitteratur som ikkje lenger finst i hyllene lokalt, eller studielitteratur som er for fagspesifikk til at folkebiblioteket av økonomiske grunnar kan kjøpa han inn.

Studie i biblioteket

Studie i biblioteket

Fjernlånt studielitteratur får vi vanlegvis fire vekers lånetid på. Nokre gongar er det mogleg med fornying. Dette er oftast litteratur som mange studentar rundt i landet har bruk for, og ingen kan behalda desse bøkene i fleire månader.

Som ein grunnregel må ein kjøpa pensumlitteraturen sjølv, men ved å låna bøkene i ein kortare periode kan ein vurdera kva som kan lesast kjapt, og kva som må kjøpast for å kunna nytta det i eit semester eller meir.

 

Du kan sjølv leita deg fram til litteratur du vil at vi skal bestilla til deg, til dømes i Biblioteksøk.