Kopiering, scanning og utskrifter

Treng du kopiar, utskrifter eller scanning av dokument? Dette kan du få hjelp til i biblioteket. Større kopijobbar kan du gjera avtale om i Kommunetorget i Rådhuset på Osøyro.

Korleis skriv du ut?

Biblioteket har ein skrivar kopla til alle publikums-PC’ane i biblioteket. Du kan òg skriva ut frå mobilen eller laptopen din. Ta kontakt i skranken, dersom du treng hjelp til dette. Utskriftene kostar kr 2,- per side.

Vi bruker eit betalingssystem kalla Princh. Når du trykkar «Skriv ut» frå våre stasjonære maskinar, kjem du inn på nettsida til Princh. Her kan du skrive inn kortinformasjon og betala for utskriftene (då går dei rett til skrivaren, og du kan henta dei der), eller du kan velja løysinga «Bestill print». Om du vel dette, må du betala kontant eller med Vipps. Når du har betalt i skranken, sender vi utskriftene til skrivaren, og du kan henta dei sjølv. Skrivaren står like utanfor skranken.

Kopier kostar kr 10,- per side (svart/kvitt).

Du kan òg scanna dokument til deg sjølv via publikumsskrivaren. Enkel bruksforklaring på veggen ved skrivaren. Vi hjelper gjerne, så ta kontakt hvis du treng forklaring.