Internett og trådlaust nett

Treng du ei utskrift, ønskjer å lesa nettaviser, sjekka e-post, skriva noko eller betala rekningar? Det er gratis å bruka PC i biblioteket - biblioteket sine publikums-PC'ar eller din eigen.

Bærbart eller stasjonært

Alle er velkomne til å bruka det trådlause nettverket med eigne nettbrett, smarttelefonar eller PC’ar. Utskriftar frå biblioteket sine stasjonære PC’ar kostar kr 2,- per side.

Pålogging

Vel det trådlause nettet: Os kommune Gjest. Vel «Registrer deg» i Gjesteportalen, og skriv inn mobilnummeret ditt. Du får då ein kode på SMS, og når du loggar på, vil du ha tilgong ut veka. Du kan òg bruka det opne nettverket: Os Free WIFI, då har du nettilgong i 10 minutt.

Reglar for bruk av biblioteket sine PC’ar

1. Mat, drikke eller snop er ikkje tillatt ved PC’ane.
2. Det er ikkje lov til å lasta ned noko på PC’ane, korkje musikk eller programvare.
3. Du skal ikkje vera inne på nettsider som inneheld rasistiske ytringar, pornografi, vald eller noko som er ulovleg.
4. Dersom du bryt reglane for PC-bruk i biblioteket, mistar du retten til å bruka PC’ane ein periode.

Reglar for bruk av det trådlause nettverket

1. Misbruk av det trådlause tilbodet i biblioteket kan medføra melding til politiet og straffeansvar. I biblioteket gjeld norske lovar.
2. Biblioteket sitt trådlause nettverk tilbyr inga filtrering av innhald, spam eller virus. Brukarar av det trådlause nettet må sjølv sørga for å ha god nok vern av eigen maskin, slik som brannmur, antivirus-program og liknande.
3. Biblioteket sitt trådlause nettverk vert nytta av fleire brukarar på same tid. Ver varsam med deling av privat og konfidensiell informasjon over det trådlause nettet. Det kan vera risikabelt å nytta til dømes nettbank og tenester som krev passord ukrypterte over den trådlause sona.
4. Biblioteket er ikkje ansvareg for tap eller misbruk av data som vert overført over den trådlause sona.