Gebyr og erstatning

Alt som er til utlån i biblioteket er "felleseige", og biblioteket forvaltar dette på vegner av alle innbyggjarar. Sjølvsagt må vi ha eit system for å halda rede på bøker og anna, og systemet genererer gebyr når lånetidene ikkje vert overhaldne.

Purregebyr

Du skal betala gebyr for materiale som vert for seint innlevert, når det er generert purringar. Storleiken på gebyret vert fastsett av Os kommunestyre, som ein del av avgiftsbudsjettet kvart år.
Frå 1. januar 2019 blir gebyra endra og noko auka:

Gebyr frå 1.1.2019:

1. påminning, vaksne 0 kr
2. purring, vaksne 50 kr
3. purring, vaksne 75 kr

1. påminning, barn 0 kr
2. purring, barn 10 kr
3. purring, barn 10 kr

Erstatningskrav

Dersom bøker/filmar/tidsskrift vert skada, tapt, eller ikkje vert innleverte etter tre purringar, vert det sendt erstatningskrav. Erstatningssummen er lik det det vil kosta biblioteket å skaffa nytt tilsvarande materiale pluss utgiftar til plasting og registrering. Dersom fjernlånte bøker frå andre bibliotek vert tapte, er det eigarbiblioteket som fastset erstatningssummen.