Barnehagar

Det er alltid kjekt å ha besøk av barnehagebarn i barnekroken vår! Mange barnehagar i Os tar med seg smågrupper til biblioteket for å lesa, låna, myldra og kanskje eta lunsj på "Det oransje rommet". Ungane kosar seg i møte med fargerike biletbøker, med prat og leik og utkledingsklede - og lar seg kanskje fanga av magien i eventyra!

Nyttig å vita for deg som jobbar i barnehage

IMG_0485

Biletkunst frå barn i Os barnehage

Biblioteket ønskjer å vera ein stad der barna kan få gode opplevingar i møte med bøkene. Forteljing og høgtlesing er viktige ledd i prosessen med både språk- og lesetrening, og det er lurt å starta tidleg – og med oppdagarlyst og leseglede i sentrum.

Ta kontakt

Vi har eit stort utval av biletbøker og faktabøker for barn, og barnekroken har rikeleg myldreplass. Det er lurt å ta kontakt på førehand, når de har tenkt å ta med ei gruppe til biblioteket, for det kan lett verta kaotisk med fleire barnahagar på besøk på same tid.

Førebuingar

For at barna skal ha ei så god oppleving som mogleg, er det fint om dei er budde på kva dei vil møta i biblioteket. Fortel dei at det er mange bøker i biblioteket, at dei kan sjå i bøkene og eventuelt låna med nokre bøker til barnehagen. Forklar dei òg at dei må vera varsomme med bøkene, både i biblioteket og i barnehagen.

De som er vaksne, kan sjå til at barna ikkje drar bøker ut av hyllene «i vilden sky», men set dei på rett plass etter bruk eller samlar dei pent i stablar på borda i barnekroken, sånn at vi kan rydda dei etterpå.

Ein annan «regel» som dei kan læra, er at i biblioteket er det lov til å snakka med innestemme, men ikkje ropa, og at det er lov å tusla tusla rundt og sjå seg om, men ikkje løpa.

Lånekort og lånetid

Barnehagar og eventuelt dei ulike avdelingane i barnehagen, kan få eige lånekort. Vi treng informasjon om korrekt kontaktperson og e-postadresse. Barnehagar får automatisk åtte vekers lånetid på bøker og lydbøker.

Be om hjelp

Vi kan hjelpa med å finna fram bøker om aktuelle tema. Send gjerne ein e-post eller ring på førehand dersom de ønskjer at vi skal plukka fram bøker.

 Vi gler oss til å få besøk av mange kjekke barnehageungar i biblioteket! Velkommen!