Aviser og tidsskrift

Biblioteket abonnerer på eit bredt utval tidsskrift og norske aviser. Avisene tar vi vare på i 1-2 veker, tidsskrifta i 1-2 år. Gode stolar og trivelege krokar innbyr til lesing av siste nytt, anten du er interessert i politikk, handarbeid, antikvitetar, sport, hage elller villmarksliv.

Litt praktisk info

Avisene er ikkje til heimlån, men tidsskrifta er til utlån når eit nytt nummer er komme på hylla. Siste nummer er altså ikkje til utlån. Du kan låna fem nummer av eit tidsskrift i fire veker, og tidsskriftlån kan ikkje fornyast.

Dei avisene vi abonnerer på er:

Aftenposten, BA, Bergens tidende, Dag og Tid, Dagens Næringsliv,
Klassekampen, Morgenbladet, Ny Tid, Os & Fusa-posten, og Vårt Land.

Tidsskriftsamlinga

Tidsskrifta vi for tida abonnerer på, finn du i Nettkatalogen. Samlinga omfattar publikasjonar om litteratur og kunst, politikk og samfunn, frimerke og handarbeid, jakt og fiske, vitskap og historie, teater og nyhende, foreldre og barn, data og økonomi, reise og antikvitetar, rollespel og spelkultur, interiør og hytteliv, bil og motorsykkel, trening og fotball – noko for ein kvar smak!

bilde 3
Utvalet er ei blanding av gratisabonnement frå Norsk kulturfond, og medlemsblad, tidsskrift og vekeblad vi sjølv vel ut. Dersom du har innspel og forslag til tidsskrift som har allmenn interesse, vil vi gjerne høyra det!

 

 

Digitale aviser og tidsskrift

Vi tilbyr deg aviser og tidsskrift i komplett digital utgåve via PressReader. Du kan lese på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin. PressReader har magasin om foto, hage, helse, historie, mat, teknologi, vitskap og mykje meir.

Logo

På biblioteket

Nyttar du ei av biblioteket sine datamaskinar  eller eigen maskin på biblioteket sitt nett, vil du finne tenesta på https://www.pressreader.com/. For mobile einingar finst det ein app du kan laste ned gratis frå App Store eller Google Play.

Brukarrettleing (pdf)