Tresko, treskoproduksjon og treskokultur

Tresko, treskoproduksjon og treskokultur

Arrangement

Os sogelag inviterer til foredrag ved Mikal Heldal

Dato / tid
21.05.2019, 19:00 - 20:30



Olav Søfteland skriv:
«Mange av oss som er blant dei eldste i dag, var vel vande med å gå med tresko både  på skulen og i kvardagslivet elles. I tillegg til treskoa hadde foreldra våre berre eitt par sko. Det var bestskoa.

I tidlegare tider var treskoproduksjon ei viktig attåtnæring på mange gardar i Os. Det var to treskofabrikkar i kommunen – Os treskofabrikk i Hatvik, og Nils R. Haukeland sin fabrikk på Søfteland. På Søfteland var det drift inntil fabrikken brann ned i august 1963. Tresko for 10.000 kr gjekk tapt i brannen.

Det vil bli vist to korte filmar om treskoproduksjon i Os. Mikal Heldal er fødd på Tysnes, og er biolog og lokalhistorikar. Han har vore styreleiar i Tysnes sogelag og Hordaland skogelag, og er no styreleiar for Landslaget for lokalhistorie.»

Møtet er ope for alle, og det er gratis å koma inn.
Bileta er henta frå nettstaden «Samnangerkulturen», og frå «Fotomuseum-bedrift» på Origo.no