Rollespeldagar på biblioteket

Rollespeldagar på biblioteket

Arrangement

Velkommen til meir rollespel med Gerhard og Ørjan! To ekstra samlingar for dei som har lyst til å spela meir, og for alle som har lyst til å prøva seg for første gong!

Dato / tid
16.02.2019, 14:00 - 18:00


Kva er rollespel?

Rollespel er ein form for spel som ligg i kryssinga mellom brettspel og historieforteljing. Kvar deltakar forklarar korleis hans eller hennar rollefigur handlar, basert på karakteren sine eigenskapar – og om handlinga lukkast eller mislukkast, avhengig av kva reglane og terningane seier. Innanfor denne ramma står kvar deltakar fritt til å improvisera og utforma sin rollefigur, fortelja dei andre kva dei gjer i ulike situasjonar og lever ut eventyret.

Kan eg vere med sjølv om eg aldri har spelt rollespel før?

Ja. Det er ikkje noko problem om du ikkje har spelt før. Vi tar imot nybegynnarar kvar gong og du treng ingen forkunnskapar.

Kva skjer på desse dagane?

Det blir mest speling. I tillegg held vi ei kort innleiing med tips og erfaringar om korleis spelet kan bli betre. Vi tar eit par pauser, og serverer litt boller og frukt.

Kva om eg har lyst til å spele meir enn bare disse dagane?

Vi har oppretta ei eiga Facebookgruppe, der dei som vil spela meir kan møtast. Lenke til gruppa finn du her, og på biblioteket si Facebookside.

Kven er det for?

Rollespel er ikkje aldersavhengig, men for biblioteket har vi laga eit opplegg med speling for unge frå 5. klasse og oppover. Det er inga øvre aldersgrense på rollespel, og vi tar imot nybegynnarar. Du treng ingen forkunnskapar.

Instruktørar Gerhard Just-Olsen & Ørjan Setvik

Vi har spela og leia rollespel sidan tidleg 1990-talet. Vi var med på å starta Os rollespelklubb, som ei tid var den største rollespelorganisasjonen i Norge. Både har vore premierte for sine rollar som GM (Game Master er den som leiar spelet.)

Arrangert av Durmålslauget i samarbeid med Os folkebibliotek