AVLYST! Frå Os og Fusa til Bjørnafjorden!

AVLYST! Frå Os og Fusa til Bjørnafjorden!

Arrangement

Arrangementet er dessverre avlyst, ved høve kjem ho til våren.

Dato / tid
10.12.2019, 18:00 - 19:00


Gøril Grov Sørdal kjem til Os folkebibliotek for å halde eit kåseri med tema vår namneendring frå Os og Fusa til Bjørnafjorden.

Gøril har skrive bøkene «Frå Mumletjønn til Gnuldrehei, våre villaste og raraste stadnamn» og «Nomino, historia om norske stadnamn».

Sjølv seier ho dette om bøkene:

Nomino, historia om norske stadnamn:
«Den fyrste boka mi om stadnamn viser korleis hendingar og epokar i norgeshistoria fører til nye stadnamn. Til dømes tek eg for meg fylkesnamna våre og namnet Noreg, og korleis dansketida, utvandringa og nasjonalromantikken viser att i stadnamna våre».

Frå Mumletjønn til Gnuldrehei, våre villaste og raraste stadnamn:
«Den andre boka, som kjem ut i desse dagar, er ei humoristisk bok med mindre tekst og mange lister, som til dømes Noregs raraste, søtaste, vakraste og grovaste stadnamn. Denne boka er meir subjektiv, der eg storkosar meg med dei mange fine og rare stadnamna våre».

Arrangementet er gratis og ope for alle.