Forfattarmøte med Erika Fatland

Forfattarmøte med Erika Fatland

Arrangement

Velkommen til møte med ein modig og reisevant og kulturformidlar!

Dato / tid
08.01.2019, 19:00 - 20:00


Erika Fatland er ein av Noregs mest spennande sakprosaforfattarar – kritikarrost, prislønna og omsatt til fleire språk. Ho fekk sitt store gjennombrot med boka «Sovjetistan» i 2015. No har ho vore på ei ny eventyrleg reise, denne gongen langs Russlands enorme grense – frå Nord-Korea i det fjerne Østen, langs Kaukasus, over Det kaspiske hav og Svartehavet.

Vi blir med ho til Ukraina, der president Putin ekspanderer, og opp gjennom Aust-Europa, til vår eiga grense mot Russland. Endeleg tar ho båt gjennom nordøstpassasjen – ei båtereise som har blitt mogleg etter klimaendringane. Med kunnskap om landa og deira historie, og gjennom menneskemøte, viser Erika Fatland korleis desse svært ulike landa alle blir påverka av sin mektige nabo.

 

 

Forfattarportrett: Tine Poppe
Bokomslag «Grensen»: Terese Moe Leiner