Den fabelaktige kalabass

Den fabelaktige kalabass

Arrangement

Velkommen til musikkteater i biblioteket!

Dato / tid
23.03.2019, 13:00 - 14:00


I framsyninga Den fabelaktige kalabass, er det frukten kalabass som er gjennomgangstema i scenografi, tekst, musikk og instrument. Moderne norsk poesi møter tradisjonelle forteljingar, som til dømes den om Den onde edderkoppen, som falt for sitt eige grep og gjorde kalabassen er uspiseleg. Barna får prøva seg på instrument av kalabass – marakasser – i ei rammeforteljing om søskenparet Aicha og Samba.

Adama Barry er kunstnarleg leiar i gruppa Deoran, og har med seg Anneke Bjørgum. Adama er musikar, forteljar, vokalist og dansar – opprinneleg frå Burkina Faso i Vestafrika, men no busatt i Oslo. Anneke er forteljar, poet og musikar – opprinneleg frå Bergen, og også busatt i Oslo. Adama lagar sine eigne instrument og all musikken, mens Anneke står for omsetjing og eigen poesi. Adama er dessutan eit oppkome av forteljingar etter vestafrikansk muntleg tradisjon.

 

Framsyninga passar for barn frå 4 år. Velkommen!