Bli med på Sommarles 2019!

Bli med på Sommarles 2019!

Arrangement

Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7.klasse, delta på Sommarles.no 2019.

Dato / tid
01.06.2019 kl 00:01 - 31.08.2019 kl 23:59


Sommarles er laga for at DU skal oppdaga kor kjekt det er å lesa i sommarferien. Kvar bok eller lydbok du les og registrerer på Sommarles.no, gir poeng. Sommarles er for alle! Du kan velja å lesa vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller du kan få nokon til å lesa høgt for deg – all lesing tel og gir deg poeng.

Poenga gir deg kule trofé til profilen din på nettsida, og premiar du kan henta i biblioteket!

På Sommarles.no kan du laga deg ein profil, registrera bøker, få lesetips, løysa oppgåver – og sjå kva vennane dine les. Her får du òg lesa ei superspennande forteljing, skriven av forfattaren Mari Moen Holsve. Sjekk ut Sommarles.no for meir informasjon.

Har du ikkje nettilgong, eller lurer på noko om Sommarles, er det berre å koma ein tur til biblioteket.

 

GOD SOMMAR MED SOMMARLES.NO 2019!