Velkommen til haust i biblioteket frå 7. august

Velkommen til haust i biblioteket frå 7. august

Aktuelt   

I vekene fram til 1. september, kan du for første gong i historia treffa to biblioteksjefar på ein gong i Os folkebibliotek!

Den eine biblioteksjefen er vår gode og fenomenale leiar gjennom 44 år, Elisabeth Bochkon Tøsdal, som straks går av med pensjon.

den andre biblioteksjefen er hennar etterfølgjar, den begeistra og inspirerande Ellinor Engelstad, som allereie har vore i gong sidan 1. august. Dei to skal fylla dei same skoa fram til 1. september. Kom innom og hels på!

Frå 7. – 11. august er opningstidene: måndag-fredag 9-15 (laurdag stengt). Deretter blir det vanlege opningstider frå 14. august.

Eventyrlege endringar i haust

Eit lite stykke utpå hausten blir det opning av «meirope» bibliotek, og alle som har fylt 18 år kan då få utvida adgang til biblioteket frå tidleg morgon til (relativt) sein kveld – sju dagar i veka.

Vi som arbeider i biblioteket vil driva med litteraturformidling, lesefryd, kunnskapsutforsking og samtalegleder i dei same opningstidene som i dag.