Sjå kortfilm i Filmbib

Sjå kortfilm i Filmbib

Aktuelt   

No kan alle som har Nasjonalt lånekort, sjå film med den nye strømmetenesta for kortfilm og dokumentarar – heilt gratis!

Filmar for alle aldrar

Filmbib inneheld kort- og dokumentarfilmar av nyare dato, men òg filmar som går tilbake i tid. Du kan boltra deg i ei unik samling av kortfilmar for både barn og vaksne – og historisk interessante, kritiske og samfunnsaktuelle dokumentarfilmar.

Her er filmar frå nyare talentfulle regissørar, og frå dei meir etablerte, som Anja Breien, Margreth Olin, Oscarvinnaren Torill Kove, Harald Zwart og Sara Johnsen – for å nemna nokre få. Du finn forfattarportrett, og filmar basert på litterære tekstar frå store forfattarar som Hamsun, Ibsen og Undset – og samisk film.

Korleis bruka Filmbib?

Gratis tilgang til Filmbib får du med det Nasjonale lånekortet ditt, og PIN-kode. Filmbib er tilgjengeleg i nettlesaren din på PC/Mac, og etter kvart også i applikasjonar for iOS og Android. Tenesta vil i første omgang innehalda omkring 150 kort- og dokumentarfilmar til utlån, med mål om at 100 nye filmar skal komma til kvart år.

Filmane i tenesta er også klarert for undervisning, og kan derfor brukast i klasserommet.

Filmbib på Facebook

Norske kortfilmar Ninas barnungdommens råskap  Anja Breien Karate Kid  Moulton og meg

 

 

 

 

Om Filmbib

Filmbib ER EI strømmefilmteneste for «Innkjøpsordninga for kort- og dokumentarfilm». Ordninga vert administrert av Norsk filminstitutt på oppdrag frå Kulturdepartementet, og er oppretta for å gi det norske publikum tilgang til norske kort- og dokumentarfilmar via folkebiblioteka.

Eit uavhengig utval har vurdert kva for filmar som skal inngå i ordninga, på bakgrunn av fastsatte kriterier. Filmskaparane mottar også vederlag for filmane i tenesta, basert på ei avtale utforma av Virke Produsentforening, Filmforbundet, Norske filmeregissørar og Dramatikarforbundet.