PressReader - digitale aviser

PressReader – digitale aviser

Aktuelt   

I PressReader kan du lesa om lag 500 aviser på 60 språk, også norsk. Kom til biblioteket og les eller last ned.

PressReader
Frå 2016 kan alle folkebiblioteka i Hordaland tilby PressReader til brukarane sine. PressRreader er eit kanadisk selskap som tilbyr digital tilgang til dagferske aviser og tidsskrift på meir enn 60 ulike språk.

Eit mål i regional kulturplan Premiss: Kultur 2015-2025, er at biblioteka i Hordaland skal gje innbyggjarane lik tilgang til aktuelle og relevante digitale ressursar, utstyr og hjelp til å nytta dei. Det er og eit mål i prosjektet: Sterk, spenstig og klar. Både e-boksatsinga og tilgang til PressReader bidreg til å oppfylle dette målet. Ved å inngå ei fylkesdekkande avtale har vi fått ein rabatt som gjer det mogleg for alle biblioteka å tilby den nye avistenesta.

Folkebiblioteket er ein integreringsarena i dei fleste kommunar, og det er no mogleg å tilby nye og gamle innbyggjarar nærare 5000 aktuelle aviser og tidsskrift på meir enn 60 ulike språk. Det finst òg omlag 80 norskspråklege publikasjonar i tenesta.

Avisene kan lesast på PC’ane våre eller på eige nettbrett eller smarttelefon, med appen PressReader. Avisene må lastast ned medan du er på biblioteket, og kan sidan lesast heime eller andre stader. Tilgangen varer i 72 timar. Adressa er: www.pressreader.com