Os folkebibliotek

Biblioteket er ein av dei hyggjelege møteplassane i Os-bygda. Her finn du stoff til informasjon, inspirasjon, studium, draumar, ettertanke og underhaldning – heilt gratis! Folk i alle aldrar kjem for å lesa aviser og tidsskrift, gjera lekser, sjekka e-post og surfa på internett. No kan du òg nytta lesesalen vår til stille studium, eller tinga eit møterom for arbeid og diskusjonar.

Inspirasjon, fantasi og fakta – rett og slett eventyrleg!

WT 2I biblioteket finn du bøker i alle former og fargar – her kan du jakta i hyllene på eiga hand, snakka med dei tilsette og få tips til noko å lesa, be om hjelp til å finna fram til strikkeoppskrifter, hundebøker, ordlister, grøssarar – eller kva du har lyst til å gje deg i kast med. I hyllene finn du òg lydbøker, filmar, teikneseriar, tidsskrift og nokre musikk-CD’ar.

Vi som arbeider i biblioteket likar ei utfordring og stiller gjerne opp for å finna rett bok til skuleelevar, studentar og andre lystlesarar. Det vi ikkje finn i eigne hyller, kan vi låna inn frå andre bibliotek. Dei som vil halda seg oppdaterte på politiske hendingar, finn debattbøker, stortingsmeldingar, NOU’ar og annan offentleg informasjon.

Kanskje har vi akkurat ei utstilling? Det kan vera kunst, hobby, handverk, barneteikningar eller bøker om aktuelle tema. Eller kanskje kjem du innom for å få med deg eit arrangement – eit forfattarmøte, ein litteraturfestivalsamtale eller ein lesering? Ta med deg matpakke og eit strikketøy – i tidsskriftkroken finn du kaffi og godstolar!

La deg inspirera og begeistra!

Og del gjerne eit augneblinksbilete med biblioteksnert og bokfryd på Instagram!  @osfolkebibliotek #osfolkebibliotek