Os 1905-2005

I samband med Kystsogedagane i Os 2005, vart det skipa til utstilling i Oselvarnaustet med glimt frå utviklinga i Os dei siste hundre åra. Her er nokre smakebitar.

Byrjinga av århundret

1905: Unionen med Sverige vart oppløyst. Det var enno tre år før den fyrste bilen kom til Bergen. Den fyrste grammofonplata vart spela inn i Noreg. Det var ti år sidan fyrste telefonsentralen i Os opna, i huset til fotograf Berg. Det var to år sidan brørne Wright gjorde sin fyrste flygetur med fly. Det var 11 år etter at Os hadde fått jernbane, og dermed redusert reisetida til Bergen frå fire til to timar. Det var ni år før Os fekk elektrisk straum, og 15 år før den fyrste prøvekringkastinga for radio vart sett i verk i USA. Øyro rundt århundrskiftetI historisk samanheng er ikkje 100 år svært lenge, men den teknologiske utviklinga siste hundre åra har vore slik at levevilkåra våre har gjort veldige sprang. For hundre år sidan var Os framleis eit samfunn der jordbruk og fiske var den mest vanlege levemåten, men med ein gryande industri og eit mangslunge handverk. Båtbygging og treskograving var framleis store næringar, grunnlaget var lagt for ein omfattande møbel- og trevareproduksjon, det var mange som arbeidde tynner til fiskeria, og rosemålinga hadde ei glanstid. Å gje eit breitt bilete av utviklinga i Os siste hundre åra i ei lita utstilling er utenkjeleg. Me har difor valt å presentera smakebitar, einskilde tema. Somme vil nok meina at me kunne valt annleis. Det kunne me heilt sikkert, men det hadde framleis vore smakebitar. Og så er det slik med smakebitar: Dei skal gje meirsmak. God appetitt!

Ei vandring over Osøyro

Osøyro i 1905 var stasjonsbyen, kyrkjestaden og bygdesenteret. Tenkjer me oss at me kjem frå austsida av elva, kjem me over gamlebrua oppe ved Troppabakken (brua ute ved elveosen vart bygd femti år seinare) og får prestegarden på høgre sida når me svingar ned langs elva. Der står framleis Borgstova – kanskje eldste huset i Os – «Paktaren» og stabburet. Det stod også ein gammal prestebustad og uthus, som begge er rivne. Dagens prestebustad vart bygd på 1920-talet. Mellom vegen og elva var ikkje andre bygningar enn prestenaustet. Kyrkja låg der ho ligg, ho vart bygd i 1870, og dei sveitserhusa som framleis ligg ved Landboden og Postvegen var den gongen nokså nye. Ved Landboden ned mot Baronselva låg endå eit nytt sveitserhus og ein noko eldre bygning, som begge vart rivne kring 1990 for å gje plass til nye forretningsbygningar. Postkontoret var i Walle-huset, som no har fått to tårn, og av det har Postvegen fått namnet sitt.

Nedom Baronselva låg Elvigs Hotell, bygd kring 1880 og seld til Os Forbruksforening i 1908. Der stod det til kring 1960, då Foreningen reiv og bygde ny butikk litt lengre inn på Osøyro. Mot elva stod Tinghuset, tidlegare handelsbu med «Tingsal» der heradsstyret hadde hatt møta sine før dei fekk Kommunehuset. Nedanfor dette var det berre naust og sjøbuer mot elva, mellom andre Tøsdals-nausta, som er kjende for båtbygginga på slutten av 1700-talet. Ute på tangen mellom Oselva og Osfjæra byrja Bergen Packing Co. med konservesindustri i 1910.

ØyroOsfjæra gjekk langt inn. Butikken til Rosvold og delar av Rådhuset står på fylling i fjæra. Mellom fjæra og torget var det stort sett berre ei husrekkje, nokre handelshus og bustadhus. Her stod Skromphuset, som det vart drive handel i til Moberg-brørne reiv det og bygde nytt handelshus, det som Drageset på Osøyro no bruker. Her sto huset som Madam Ane seinare budde i, på sin høge grunnmur på hjørnet mot Drageset, nokre av bygningane S. Tvedt hadde butikk i og det som mange kjenner som skobutikken til Paul Moberg. Lengst borte i denne rekkja stod Kommunehuset, flytta frå Molda i 1884, og flytta på nytt til Kyrkjeflaten i 1986, og vart då Det gamle kommunehuset.

Der Midtpunkt ligg no stod Nielsens Hotell, Prinsahotellet, bygd i 1891 og kjøpt av Bergen Packing Co. i 1920 og teken til arbeidarbustad. Seinare holdt Os fargehandel til her, før huset vart rive for å gje rom for Midtpunkt. I Telhuskvartalet stod Telthuset, eit lite hus med svarte tømmervegger der dei lagra telta den tida Osøyro var ekserserplass. Der låg òg villaen til Gerhard Berg, det praktfulle huset med det spisse taket, som vart rive for å gje plass for det nye Telthuskvartalet.

Osøren Hotell låg om lag der rundkøyringa og Undine no er. Hotellet vart bygd i 1890, kjøpt av Osbanen i 1915 go teken til arbeidarbustad. Huset vart rive på 1970-talet for å gje plass til bussane. Bygningane på Os stasjon stod også for hundre år sidan, stasjonsbygningen, vognhallen og vognverkstaden. Her var det endå eit par bygningar, dreieskive for lokomotiva og kolbinge. Naboane på Osøren Hotell måtte nok rekna med både støy og støv. Jernbanelina gjekk gjennom Vognhallen og enda på ei trebryggje der Os kai no ligg.

Dei rikes Os

2344Siste helvta av 1800-talet tok det til å koma turistar til Os. I fyrste omgang var dette velståande bergenserar som leigde seg inn på gardar kringom i bygda. Me fekk omgrepet ”landliggere” – byfolk som ”låg på landet” om somrane. Sjølvefolket flytta på stabburslemen eller ein annan meir eller mindre høveleg stad, medan byfolket overtok bustadhuset. For dette fekk bygdefolket nokre skillingar, ei kjærkomen ekstrainntekt.

Mot slutten av hundreåret var turistoptimismen stor. Frå 1880 til 1891 vart det bygd tre hotell på Osøyro, men jamvel om bygda også fekk jernbane i 1894, vart aldri Osøyro nokon turiststad. Dei tre hotella bukka under eitt etter eitt, dei fekk alle ein levealder på mellom 25 og 30 år før husa vart selde og tekne til andre føremål. Det er kanskje ikkje så rart om ein ser på korleis O. W. Fasting, som budde på Solstrand ei tid i 1905, skildra Osøyro: Osøren er en ørken, der er laget til indtægt af verdenssky katte, der lever af mismod og de fiske, som de ser seg i stand til at nappe, naar de sidder i fjæren hensunket i drømme og sult. Ein heilt annan suksess fekk det fjerde og siste av hotella som vart bygde i Os mot slutten av 1800-talet. Christian Michelsen kjøpte husmannsplassen Haugsbrotet og bygde Solstrand Hotell i 1895. Mange var dei velståande turistane som kom hit for å nyta landlivets fred og ro, og utsikten over Bjørnafjorden. O.W. Fasting hadde ei heilt anna oppfatning av Solstrand enn av Osøyro: ”Jeg er konge i denne straalende, afgjemte verden, om kun for en dag. Konge for en dag!”

lysøenCDet var også ein del andre av dei retteleg rike byfolket som sette eit preg på bygda som vart varig: Dei kjøpte opp mange av dei finaste strandeigedomane, og bygde seg gjerne sommarhus der. Aust for Osøyro låg dei på rekkje og rad: Lyngheim, som kjøpmann Wallendahl kjøpte i 1898, som Reiersen-familien og seinare kommunen overtok, Glitre, som kjøpmann Kroepelien kjøpte i 1898, som kjøpmann Galtung Døsvig overtok, Solstrand som er nemnt før, Molda, eller Moldegård som det vart heitande, som kjøpmann Johan A. Mowinckel kjøpte i 1883 og som framleis er i slekta. I nyare tid har Hermann Friele slått seg ned i Smievågen. Andre stader i bygda var det likeins. Christian Michelsen kjøpte eigedommar fleire stader, mellom anna i Mobergslia og på Ferstadneset, der det framleis står herskapelege bygningar og vitnar om det. I Øyane er skipsreiar Jebsen, som eig Kobbavågen, ein av fleire som har fast adresse Bergen og med stor og vakker eigedom i Os, og det spørst om ikkje Ole Bull må reknast til same kategorien, og ein av dei fyrste, då han kjøpte Lysøya i 1870 og bygde Villa Lysø.