Lokalhistorie

Mange driv med slektsgransking og er interesserte i stoff om folk og hendingar i heimbygda gjennom tidene. Riksarkivet og Nasjonalbiblioteket har mykje som er digitalisert, folkebiblioteka har bygdebøker og biletstoff frå lokalsamfunnet. Nokre digitale lenker finn du på desse sidene.

Lokalstoff i biblioteket

Frå Os-mønstringa 1959. I bakgrunnen Hyllands kolonialhandel, der Bakketeig Interoptik ligg i dag.

Frå Os-mønstringa 1959. I bakgrunnen Hyllands kolonialhandel, der Bakketeig Interoptik ligg i dag.

Os kommune si samling av lokalhistorisk materiale er lagra i Os folkebibliotek. Her finn du mellom anna stoff om Os frå gamalt av og til i dag, stoff om kjende personar som har budd i Os, stoff om lag og organisasjonar i bygda, bøker og musikk av og om osingar, med meir.

Biletsamlinga

Mange har skrive bøker om idrettslag og foreningar, og i samband med innsamlinga av stoff til bygdebøker frå Os, er mykje biletstoff samla i eit biletarkiv. Mange av bileta er digitaliserte, og kan sjåast i katalogen til Os folkebibliotek. Bladet Osingen er òg digitalisert, du finn ei lenke til ein .pdf-fil for kvart nummer du klikkar deg inn på. Her finn du mange interessante artiklar om Os.

Bygdebøker, gards- og ættesoger

I Os folkebibliotek finn du bygdebøker for Os, Fusa, Fana og Tysnes. Bygdebøker, gards- og ættesoger m.m. for Hordaland og for resten av Norge, kan vi låna inn frå andre bibliotek, som bøker eller som mikrofilm. Mykje lokalstoff finn du etter kvart også på nett.

Slektsgransking på nett

Dersom du vil leita etter røtene dine, er det mange gode lenker til kyrkjebøker, folketeljingar og meir til, på nett. Bergen offentlige bibliotek har gode og omfattande lokalhistoriesider for Hordaland og Sogn og Fjordane. Andre nyttige sider:

Nasjonalbiblioteket – digitale media, mellom anna bygdebøker
Digitalarkivet – kyrkjebøker, folketeljingar
Slekt.no
Gravminner i Norge
Onlinekurs i gotisk handskrift
Galleri NOR – Nasjonalbiblioteket si fotosamling
Digitalt museum – søk i fotosamlingar
Arbeidstenesta (AT) i Os under krigen, del 1
Arbeidstenesta (AT), del 2
Høyr Gudrun Heggland fortelja om AT-leiren

Lokalhistoriesøk

I søketenesta under kan du søka i gratis bøker, bilete og aviser frå Nasjonalbiblioteket og kulturdatakjelda Norvegiana.

Etter kvart som du skriv i søkeboksen, viser det automatisk ei oppdatert treffliste. Får du mange treff kan du klikka på forstørrelsesglaset eller trykka Enter for å opna trefflista i eit nytt vindauge og i ein tabell som kan sorterast.

Lokalhistoriesøk er utvikla ved Buskerud fylkesbibliotek som ein del av prosjektet Webløft.

[finnlokalhistorie_skjema]