Sommarles 2018

Bli med på den kulaste lesekampanjen i sommar! Lag deg ein brukar på nett, så får du lesetips, oppgåver, premiar - og tilgang til ei eksklusiv og superspennande forteljing! (Sjekk kodeord lenger nede på sida!)

Lesemoro og sommarfri

frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse vera med på Sommarles 2018, saman med barn og unge frå over 370 andre kommunar i landet. Lag deg ein brukar, og registrer alt du les frå 1. juni!

Sommarles er for alle, og du konkurrerer først og framst med deg sjølv. Du får XP (poeng) for kvar bok du les og registrerer på sommarles.no i kampanjeperioden, og går etter kvart opp i nivå. Du kan lesa vanlege bøker, ebøker, lydbøker, teikneseriar, eller bli lest for av nokon andre. All lesing tel og gir poeng. Hvis du vil, kan du konkurrera med venane dine.

Og vi har premiar! Du kan få både digitale trofé til profilen din på nettsida, og små-premiar som du hentar på biblioteket. Når lesekampanjen er over, blir det fest og trekning av ekstrapremiar.

Sommarles er først og framst nettbasert, det vil seia at du registrerer bøker du har lese, får nye lesetips, løyser oppgåver, får prøvd det nye spelet og kan følgja med på kva venane dine les – alt på sommarles.no. Her får du også tilgong til ei superspennande forteljing av forfattaren Mari Moen Holsve: «Asbjørn og Astrid i verdsrommet». Eit nytt kapittel vert sleppt kvar veke, med spørsmål og eit passord som utløyser digitale premiar.

Asbjørn og Astrid i verdsrommet

Første kodeordet til forteljinga er: oppdrag, andre kodeordet er: astronom, tredje kodeordet er: mjølkevegen, fjerde kodeordet er: rakett, femte kodeordet er: mars, sjette kodeordet er: svart hol, sjuande kodeordet er: universet, …

Nytt passord kvar måndag. Sjekk ut sommarles.no for meir info, eller kom innom biblioteket for å få hjelp – og finn bøker, teikneseriar, lydbøker til sommarferien!