Leseinspirasjon

Du finn alltid lister over ulikt nytt i biblioteket i Nettkatalogen vår, til dømes: Ny krim, Nye filmar, Reisedraumar, Biografiar, e-bøker og mykje meir. Lesetips og bokmeldingar finn du òg til dømes hos dei store regionbiblioteka i Bergen og Stavanger, og sjølvsagt i nettaviser og bokbloggar. Leit og nyt!

Nytt i biblioteket

Hausten er lanseringstid for alle dei store forlaga – følg med på Siste nytt i biblioteket, og send melding hvis du vil stå på venteliste!

Strikkefest og pinnedans

vottebokaNettet bugnar av strikke- og hekleoppskriftar for tida, og mange får utløp for skapartrong og fingerdugleik – eller brukar handarbeidet som inngong til meditativ ro og kontemplativt nærvær. For dei av oss som har fått meir eller mindre permanent strikkedille, finst òg mykje flott og inspirerande strikkestoff mellom to permar. Hønsestrikk, lusemønster, fargesirkus, garngleder, retrotrend, latviske votter, tradisjonsstrikk – sjekk ut strikkehyllene i biblioteket!

 

 

 

 

 

Nytt og kritikarrost for vaksne

tapte-barnetHar du lese den fantastiske Napoli-kvartetten, skriven av Elena Ferrante? Elena fortel om seg sjølv og bestevenninna Lila, gjennom barndomsåra deira i ein lutfattig bydel i Napoli på 50-talet, og fram mot livet som vaksne kvinner. Vi får høyra om alle intrigene og konfliktane som utspelar seg mellom dei hissige, kranglevorne og driftige naboane i strøket der dei veks opp, om forelskingar og venskap og slit og strev for å klara seg på skulen og i arbeidslivet – og etterkvart om alt som begrensar og styrar framtida deira, anten det er pengemangel, mafiakonfliktar, valdelige menn, politiske motsetningar, og mykje meir. Alle dei fire bøkene i kvartetten er no ute på norsk, og har fått strålande kritikkar både for innhald og for den nydelege omsetjinga til Kristin Sørsdal.

Gjennom erindringane til Elena får vi ei vilt underhaldande skildring av etterkrigshistoria i Italia, og ein hjartebankande forteljing om eit komplisert og intenst venskap.

Meir nytt og kritikarrost i Os folkebibliotek finn du her.

Dystopiar for ungdom

I morgenMarlens historieValdsame væromslag, store klimaendringar, polane smeltar, grunnvatnet tappast ned for å vatna plenar og fylla svømmebasseng. Politikk er komplisert, kloden er herja av valdelige konfliktar, ekstremisme, pandemiar, krig, fattigdom, menneske på flukt. Endringane i verda er store og dramatiske!

Sigbjørn Mostue skriv i boka I morgen er alt mørkt om ein supersmittsom hjernesjukdom som spreier seg lynraskt frå Asia til resten av verda, og gjer dei som er angripne blinde av raseri og vanvittig aggressive. Det er superspennande, om flotte ungdommar som må ta inn over seg kva som skjer når samfunnet raknar i hurtigtempo! Kven tenkjer bare på seg sjølv? Kven får panikk? Korleis finna mat, bekjempa infeksjonar, forsvara seg mot «monstra» og samstundes behalda empati og omtanke for andre? Første boka i serien har undertittelen: «Brages historie», og andre boka, som nett no er på plass i bibliotekhylla, heiter: «Marlens historie».

Dystopiar er ein ny trend – og det er spennande!

Moro med språk & identitet

VostjakerenEr du ein av dei som elskar bøkene til finske Arto Paasilinna? Prøv Diego Marani: Den siste vostjakeren, eller: Ny finsk grammatikk, nydeleg omsatt frå italiensk av Jon Rognlien. Vittig, underfundig og burlesk litteratur! Begge forteljingane handlar om korleis ord og språk formar tolkinga vår av verda kring oss.

Cathrine Krøger skriv i Dagbladet: Dette er en helt sjelden bok, nesten arkaisk i oppbygningen, med raske sceneskift, knapt, grovt og effektivt. Språket er en blanding av snurrig fagterminologi, humor, ironi, hverdagsligheter og høystemt lovsang, imponerende oversatt av Jon Rognlien. Her er også de vakreste mest overraskende bilder: «… fra de fjerne himmelstrøk av hukommelsen steg det fram stjernebilder av feighet, hele galakser av løgn».

 

Løkkeskrift & rosenknoppar

PikekyssFørst vart dei omtala som «Dameromanar», no skal dei visst kallast «Løkkeskriftforteljingar». Hos oss har dei alltid vore Godbitar & Leseknask – dramatiske, storslåtte, heftige og eventyrlege. Gråt og latter om kvarandre. Store kjensler og tragiske hendingar – kven har sagt at ei forteljing ikkje kan stansast akkurat der ho når sitt spenningsforløysande høgdepunkt?! Du finn òg oppdaterte lister over Godbitar i biblioteket, dersom du liker å kjenne papir mellom fingrane.

 

Frisk start på sommarsesongen?

5-10-15Det gode liv kan vera så mykje – eit glas vin og ei god bok foran peisen, spretne turar i skog og mark medan frosten sprakar under skosålene, ei roleg nattevandring under stjernene med ein du er glad i … Vi har ikkje kafe i biblioteket (enno!), men vi har mange inspirerande bøker om mat & drikke! Du finn dei på eiga hylle i fagboksamlinga vår. Dessutan bøker om mindfulness, yoga, trening og kosthald – les og bli inspirert!