Arrangement

Hausten 2017

Torsdag 21. september: Sommarles-fest med «Apestrekar» kl 17.00


Vi inviterer alle
som har vore med på Sommarles 2017 til bolle- og premiefest i biblioteket! Klovnen Knut kjem òg, med kjappe klovnestrekar – og kan henda ein liten rampete ven?

Klovnen Knut prøver å lesa seg opp på dyreverda i Norges største dyrebok: «Norges løver«, men bajas-sjimpansen Tom Tuba har surra seg bort, og driv stadig og forstyrrer lesinga med telefonar til Klovnen Knut. Dette fører til merkverdige, magiske og musikalske innslag – og sjølvsagt mykje tull og tøys!

Velkommen til alle glade lesarar! Framsyninga varer i cirka 30 minutt, og etter det blir det utdeling av Sommarles-diplom til dei som vil ha!

 

Måndag 16. oktober: Forfattarmøte med Fartein Horgar kl 19.00


Årets første lesering
er eit møte med forfattaren Fartein Horgar. Han skriv på ein historisk romanserie frå tida då Danmark var i ferd med å bli ei oversjøisk kolonimakt, og Norge var i union med Danmark. «Paradisets elendige» er første bok i serien, og handlinga går føre seg i andre halvdel av 1600-talet på øya St. Thomas.

På veg til Vest-India havarerer fregatten Færø, og skipet søkjer nødhamn i Bergen. Her mønstrar Johannes Hauge på. Hauge er på rømmen etter eit grusomt brotsverk, og ei reise ut i det ukjende verkar som den perfekte fluktruta. Romanen loddar djupt i tema som rasisme, identitet og kristendommen si rolle i kolonialiseringa, gjennom dei kontrastfylte skildringane av øysamfunnet. Andre bok i serien kjem ut i haust, og har tittelen: «I slaktemåneden».

Arrangementet er ope for alle, og er heilt gratis. Velkommen!

 

Måndag 23. oktober: Biletkåseri om «Sagaøya Island» kl 18.00


Karvel Strømme inntar scenen i biblioteket med eit spennande kåseri om Island: «Sagaøya Island – natur, kultur, historie».

Strømme er ein mykje brukt forelesar når det gjeld Island. Han er svært kunnskapsrik om temaet, og er med bakgrunn i det, også ofte brukt som reiseleiar for ulike grupper som legg turane sine til Sagaøya.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Den kulturelle spaserstokken, Folkeakademiet-Os og Os folkebibliotek. Billettar: kr 50,-

 

Fredag 17. november: Dukketeateret «Himmelspringaren» kl 17.30

Dei fantastiske formidlarane Adele Lærum Duus og Monika Solheim har laga nok eit eventyrleg barneteater – denne gongen den vidunderlege historia om «Himmelspringaren», etter biletboka til Sissel Horndal.

Det lille lammet Lilla er ikkje som andre lam. Ho er lilla! Ingen vil vita av ho, ikkje ein gong hennar eiga mor! Men når den farlege Kvasskjeften ein dag kjem, viser Lilla kor mykje mot som kan bu i ein liten lamme-kropp, sjølv om den er litt annleis.

Framsyninga er gratis – velkommen til ei eventyrleg oppleving! Passar for alle, og spesielt for barn mellom 3 og 7 år.

 

Måndag 20. november: Lesering kl 19-21

Nye nettsider
Tema
: Samfunnet i litteraturen. Vi les og diskuterer boka: «Berge» av Jan Kjærstad, som mellom anna har 22. juli-terroren som tema. Jan Kjærstad har fått svært gode kritikkar for boka.

Onsdag 22. november: Klassisk fagottkonsert kl 18.00

 
Vi har gleda av
å presentera ein spennande mini-konsert i biblioteket! Dei to musikarane Jon Backer Johnsen (fagott) og Jørn Skauge (piano) fyller rommet mellom hyllene med mørke klanger og dynamisk samspel.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Den kulturelle spaserstokken, Folkeakademiet-Os og Os folkebibliotek. Billettar: kr 50,-

 

Torsdag 30. november: Barneteater «Teskjekjerringas jul» kl 17.00


Velkommen til førjulframsyning
i biblioteket!

Det var en gang ei kjerring som la seg og sovna om kvelden, slik som kjerringer pleier å gjøre. Og dagen etter vakna hu, slik som kjerringer pleier å gjøre, men da var kjerringa blitt så liten som ei teskje, og det pleier ingen kjerringer å bli.

Gubbendarius! Kom i julestemning med denne koselege framsyninga basert på Alf Prøysen si bok «Teskjekjerringa på julehandel». Her møter vi ikkje bare kjerringa sjølv, men òg mannen hennar, fru Lykkefryd, Kari i Lia og snekker Andersen – alt utført av ein og same skodespelar.

Teskjekjerringas jul byr på raske kostymeskift, figurspill, fysisk teater, humor og løssluppen lek med roller, og ikke minst: nykomponert musikk av Hallvard Lærum.

 

Måndag 4. desember: «Jul der ingen skulle tru …» med Oddgeir Bruaset kl 18.00


I biletforedraget: «Jul – der ingen skulle tru at nokon kunne bu», tar Oddgeir Bruaset tar oss med høgt til fjells, ytterst i havgapet og innst i trange fjordarmar. Han fortel om korleis folk innretta seg i jula, og om spennande og iblant utrulege historier, både morosame og rørande.

Nokre av forteljingane er frå stadar han har laga TV-program om, andre historier ligg lenger tilbake i tid og har gått føre seg på stadar som no er fråflytta. Somme av forteljingane er knytta til den lange og vanskelege vegen mange hadde til bygda og handelsmannen, andre dreier seg om det som skjedde i heimen. Det meste står i sterk og tankevekkjande kontrast til våre tiders julefeiring.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Den kulturelle spaserstokken, Folkeakademiet-Os og Os folkebibliotek. Billettar: kr 50,-

 

 

 

 

Våren 2017

Måndag 30. januar: Lesering kl 19-21

Nye nettsider
Tema
: Sigrid Undset. Vi les og diskuterer boka: «Maleren» av Sigrun Slapgard, som handlar om biletkunstnaren Anders C. Svarstad og forfattaren Sigrid Undset – det kanskje mest skandaløse kjærleiksparet i forrige århundre?

 

 

Måndag 27. februar: Teaterframsyninga «Farfars bombekrater» kl 18-19


Velkommen til vidunderleg litteraturteater med den fantastiske formidlaren Adele Lærum Duus! Ho har laga biletbok om korleis krigen var for farfaren hennar, då han var distriktslækjar på Voss. Mellom anna fall ei bombe frå eit tysk fly tvers gjennom doktorhuset og landa udetonert i kjellaren …

Adele Lærum Duus har laga ei framsyning som berører sterkt, og som er godt eigna for både barn (frå 7-8 år og oppover) og vaksne – og til samtalar mellom generasjonar om kvardagen under krigen.

Framsyninga er eit samarbeid mellom Den kulturelle spaserstokken, Folkeakademiet-Os og Os folkebibliotek. Ope for alle. Billettar: kr 50,-

 

Måndag 6. mars: Lesering kl 19-21

Nye nettsider
Tema
: Anna Munch. Vi held fram med temaet frå førre samling – forteljingar om kunst og kunstnarliv, skrive i grenselandet mellom biografi og fiksjon – denne gongen med boka om malerinna Anna Munch og hennar komplekse forhold til Knut Hamsun: «Hennes løgnaktige ytre«, av Selma Lønning Aarø.

 

 

Onsdag 15. mars: Kurs i slektsgransking kl 18.00 – NB! Flytta til Rådhuset


Os sogelag inviterer
til kurs i slektsgransking, med Knut Rage som kursleiar. Dei som har eigen laptop, kan ta han med.

Grunna stor deltaking, er kurset flytta til Kommunestyresalen i Rådhuset. Ta evt. kontakt med Os sogelag for meir informasjon. Kurset er ope for alle.

 

Onsdag 22. mars: Mini-musikal og Afternoon Tea for Vera Lynn kl 18.00


I 2017 fyller
Vera Lynn 100 år, og Underholdningsvogna hyllar verdsstjerna med musikk, forteljing og bilete!

Vera Lynn vart fødd i England 19. mars 1917 og fekk kallenamnet «The Forces» Sweetheart». Under 2. verdskrigen hadde songaren sitt eige radioprogram, der ho framførte songar som ga folket håp, og minna soldatane om fedrelandet. Framsyninga tar utgangspunkt i Vera Lynn og hennar betydning for dei allierte styrkane under krigen, og vi får òg eit innblikk i den britiske stjerna sitt liv og karrière.

Eit perfekt høve til allsong og Afternoon Tea!

Arrangementet er eit samarbeid mellom Den kulturelle spaserstokken, Folkeakademiet-Os og Os folkebibliotek, og billettane kostar kr 50,-

 

Måndag 27. mars: Foredrag om bybrannen i Bergen kl 18.00


Gunnar Staalesen og Jo Gjerstad vitjar biblioteket for å fortelja den dramatiske historia om bybrannen i Bergen i 1916. Dei to har saman skrive boka: «Da byen brant», om Bergen før, under og etter den store bybrannen i byrjinga av forrige århundre.

Arrangementet i biblioteket er eit samarbeid mellom Den kulturelle spaserstokken, Folkeakademiet-Os og Os folkebibliotek – og er spennande for ungdom og vaksne i alle aldrar. Billettar: kr 50,-

 

Måndag 24. april: Lesering kl 19-21

Nye nettsider
Tema
:

 

 

 

 

 

Laurdag 29. april: Jubileumsfest for Bente Bratlund! kl 14.00


Bente Bratlund feirar
40 år som bokpubliserande forfattar i år. Vi inviterer til fest og feiring i biblioteket, med gjestar og samarbeidspartnarar av mange slag!

Feiringa går føre seg i samarbeid mellom Den kulturelle spaserstokken, Folkeakademiet-Os og Os folkebibliotek, og programmet blir i desse dagar ballongtesta av jubilanten – under inspirasjonhimlinga: «Øyeblikk på livsvegen – vandring i dikt gjennom 40 år»