Nettkatalogen

På nettet kan du fornya lån, søka etter lesestoff, få lesetips og reservera bøker, lydbøker og filmar, med meir. Men bøker som er lånte frå andre bibliotek må du kontakta biblioteket ditt for å få hjelp til å fornya.

Meg & Mitt

Du finn bibliotekkatalogen vår i to variantar på nett – som eit lite kikkhol på framsida vår, der du kan søka på spesifikke titlar og logga deg på som brukar – og i ei fullstendig utgåve, der du enkelt kan sjå på lister over nytt i biblioteket, finna lenker til ulike kategoriar og inspirasjonslister – og sjølvsagt fornya, bestilla og reservera.

Dersom du er registrert med e-postadresse hos oss, kan du logga deg inn på sidene Meg & Mitt ved å bruka e-post eller kortnummer som brukarnamn, og ein fire-sifra PIN-kode som passord. PIN-koden får du tildelt første gong du registrerer deg som nettbrukar, eller du kan velgja ein over skranken i biblioteket.

Fornya lån

Du kan fornya låna dine inntil to gongar, dersom ingen står på venteliste. Dette kan du ordna heimefrå, når du er logga på som nettbrukar. Tidsskrift og filmar fornyast ikkje, og bøker du har fått låna frå andre bibliotek, vert ikkje fornya før vi har kontakta eigarbiblioteket for å sjekka om dei har venteliste på boka/bøkene.