Lesesal og grupperrom

Os folkebibliotek har ein skjerma lesesal, der du kan studera i eit tilnærma stille rom og kopla deg til trådlaust nettverk. Du finn òg to grupperom der du kan sitja rundt småbord og diskutera med medstudentar, eller ha møte av ulike slag - eventuelt bak ei lukka dør.

Lesesal

Klokkestrengar

«Kunstinstallasjon» på lesesalen …

Lesesalen er open i biblioteket sine opningstider, men du kan òg kvittera ut eit eige nøkkelkort som gir deg tilgang til lesesalen alle dagar frå 07.00 til 23.00 – også sundagar, helgedagar og i feriar. Ta kontakt med personalet i skranken, dersom du ønskjer eit eige nøkkelkort. Du må betala eit depositum på kr 100,- (kontant) for kortet, og du må vera fylt 18 år.

Grupperom

Grupperomma kan du reservera på førehand, dersom det er naudsynt å sitja i bestemte tidsrom – eller du kan slå deg ned når det er ledig. I det eine grupperommet står det tre PC’ar som kan reserverast til ymse bruk som tar litt lenger tid enn bare ein surferunde på internett eller ein e-postsjekk.

Fotoutstilling 008 kopi

Fotokunst, matpakkerom og møterom

Matpakkerom

Dei eine rommet kan òg reserverast av barnehagegrupper, dersom dei har lyst til å spisa lunsj i biblioteket. Dei kan sjølvsagt òg sitja fint rundt småbord andre stadar i biblioteket!

Møte på dag- og kveldstid

Foreiningar og lag, burettslag og ideelle organisasjonar – eller styremøtet i korpset ditt eller koret ditt – kan tinga møterom i biblioteket, både på dagtid og på kveldstid. Du kan òg låna biblioteket til større møte og samlingar, men bare til ikkje-kommersielle føremål, – og det er gratis å låna lokala.