e-bøker

Lån kor du vil, når du vil! Last ned appen eBokBib på Google Play eller App Store, og du er i gang!

e-lan Bla

Lån av e-bøker

e-lån er ei teneste frå ditt lokale bibliotek, der du låner bøker digitalt. Alt du treng er eit Nasjonalt lånekort og ein PIN-kode.

Folkebiblioteka i Hordaland samarbeider om å tilby utlån av e-bøker via bok-appen eBokBib. Her finn du eit godt utval av nyare titlar du kan lasta ned på smarttelefon eller nettbrett. Du kan låna bøkene i fire veker, og når lånetida er ute, har du ikkje lenger lesetilgang.

Utlånsavtalen som er framforhandla av Hordaland fylkesbibliotek, tillet bare utlån av eit visst antal eksemplar av gongen, så det kan henda du må stå på venteliste på den boka du vil lesa. For å låna e-bøker, må du ha eit Nasjonalt lånekort registrert ved eitt av folkebiblioteka i Hordaland.

Du har òg tilgang til eldre bøker i pdf-format via Bokhylla.no som er ei nettside drifta av Nasjonalbiblioteket. Desse bøkene kan du ikkje lasta ned, men lesa fritt på nettet (også på PC/Mac) når det passar deg. Du kan òg finna lenker til desse bøkene via Nettbiblioteket til Os folkebibliotek.

eBokBib eBokBib Han