Forfattarmøte med Fartein Horgar

Arrangement

Visste du at Noreg har vore involvert i slavehandel? Kom og møt forfattaren som kan mykje om dette emnet!

Dato / tid
16.10.2017, 19:00 - 20:00



Forfattaren Fartein Horgar
arbeider med ein historisk romanserie frå tida då Noreg var i union med Danmark, og Danmark-Noreg var i ferd med å bli ei oversjøisk kolonimakt.

Bøkene loddar djupt i tema som rasisme, identitet og kristendommen si rolle i kolonialiseringa, gjennom dei kontrastfylte skildringane av øysamfunnet. «Paradisets elendige» er første bok i serien, og andre boka er fersk frå trykkeriet no i år, med tittelen: «I slaktemåneden».

Handlinga i første boka går føre seg i andre halvdel av 1600-talet på øya St. Thomas: På veg til Vest-India havarerer fregatten Færø, og skipet søkjer nødhamn i Bergen. Her mønstrar Johannes Hauge på. Hauge er på rømmen etter eit grusomt brotsverk, og ei reise ut i det ukjende verkar som den perfekte fluktruta. Dette er spennande og engasjerande historieforteljing!

Arrangementet er ope for alle, og er heilt gratis. Velkommen!